Plattysk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lågtysk)
Gå til: navigering, søk
Plattysk
(Plattdüütsch, Platt, Nedderdüütsch)
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Germansk
  Vestgermansk
Bruk
Tala i: Tyskland, Nederland, Brasil, USA, Argentina, Paraguay, Uruguay, Canada, Mexico
Område: Nord-Europa
Plattysktalande i alt: 5 millionar
Rangering: Ikkje topp-100
Skriftsystem: det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-1: -
ISO 639-2: nds
ISO 639-3: nds

Plattysk, nedertysk eller lågtysk er eit vestgermansk språk nært i slekt med nederlandsk og frisisk som først og fremst blir tala i det nordlege Tyskland. Plattysk var hovudspråket for hansaene i seinmellomalderen og kom til å få svært sterk innverknad på dei skandinaviske språka.

Plattysk skil seg ut frå høgtysk ved at den høgtyske konsonantforskyvinga ikkje har funne stad, og stort sett òg ved mangelen av diftongisering av dei gamle lange vokalane î og û.

Nedertysk kan delast i tre greiner: Nedersaksisk, austnedertysk og nederfrankisk. Dei første to blir hovudsakleg tala i dagens Nord-Tyskland. Den siste omfattar nederlandsk og afrikaans som blir tala i Sør-Afrika.

Engelsk og frisisk er utvikla frå ei eldre form for nedertysk, gammalsaksisk (også kalla gammalnedertysk).

Utbreiing til andre område[endre | endre wikiteksten]

I hansatida var nedertysk lingua franca i heile Austersjøområdet, noko som i stor grad har prega utviklinga av dei skandinaviske språka. Ein reknar med at mellom 30 og 40 prosent, eller meir, av det daglege norske vokabularet er av nedertysk opphav.[1]

Utvandring til Amerika og i nokre høve vedlikehald av religiøs samfunn som mennonittane har ført til at språket blir tala i land som Canada, USA, Mexico, Sør-Afrika, Sentral-Asia, Bolivia, Argentina, Brasil, Paraguay og Uruguay.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediaplattysk

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipedianederlandsk-plattysk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.