Lånefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°10′44″N 6°12′14″E

Frå inst i fjorden

Lånefjorden er ein fjord på nordsida av Sognefjorden i Balestrand kommune. Han har ei lengd på 3 km og går nordaustover til Låne og inngangen til Lånedalen.

Fjorden har innløp mellom Kollangsneset og Kongsneset. Bortsett frå Låne inst i fjorden ligg garden Bolstad like sørvest for Låne. Det går vegar på begge sider av fjorden, på austsida går Riksveg 55. Riksvegen fortset gjennom Høyangertunnelen til Høyanger frå vestsida like utom enden av fjorden. Fjorden er omgjeve av høge fjell og særleg austsida er bratt. Her går fjordsida nesten rett opp til Skinnarnipi på 982 moh. På vestsida ligg fjellet Omnane. Denne sida er ikkje like bratt, men høgare med ei høgd på 1121 moh.