Långkål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Långkål

Långkål, eller berre grønkål, er ein vanleg rett på julebord i Halland, Småland, nordvestre Skåne og dessutan Jylland, der han er kjend som grønlangkål. Han blir eten som tilbehøyr til skinke og pølse, og består av grønkål som er kokt, ofte men ikkje alltid i avkoket frå skinka, smørsteikt i panne og sidan kokt saman med krem. Retten blir deretter smakt til med ulike tilsetningsmiddel som pepar, salt, sukker og sirup. Som med mange andre tradisjonsrettar kan lista med ingrediensar variera mykje etter kven som lagar retten.

Grønkålretten som del av eit tysk måltid: ;;Grünkohl mit Pinkel, Kochwurst, Kassler und Speck.

Retten finst òg i nordlege Tyskland, mellom anna i området rundt Hamburg. Der er han ikkje knytt til jula på same måte som i Sverige, men blir eten vinteren gjennom, til dømes med kassler. I visse delar av Tyskland et ein også retten med Kohlwurst, ei grov røykt pølse. I tillegg blir det servert kokt potet som er steikt i smør og sukker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]