Långsjön i Älvsjö

Koordinatar: 59°16′3″N 17°57′50″E / 59.26750°N 17.96389°E / 59.26750; 17.96389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Långsjön i Älvsjö
innsjø
Långsjön mot søraust
Land  Sverige
Kart
Långsjön i Älvsjö
59°16′03″N 17°57′59″E / 59.2675°N 17.966388888889°E / 59.2675; 17.966388888889
Wikimedia Commons: Långsjön, Älvsjö

Långsjön er ein innsjø som utgjer grensa mellom kommunane Stockholm og Huddinge kommun, og mellom bydelane Herrängen og Segeltorp, sør i Stockholms län og landskapet Södermanland i Sverige.

Innsjøen har eit overflateareal på 0,298 km², og ligg 30,6 meter over havet. Innsjøen har ei gjennomsnittsdjupne er 2,2 meter, og innsjøen rommar 617 000 m³ vatn. På det djupaste er innsjøen 3,3 meter.

Bygningar, anlegg og natur rundt Långsjön[endre | endre wikiteksten]

  • Långsjö gard, ved nordbreidda av innsjøen, består av to identiske hovudbygninger som vart bygd av brørne Ditzinger i 1882. Omkring år 1900 vart garden busett av ein familie Leuhausen. I 1904 vart garden, og store delar av Långsjöns skogar, fjell og beitemarker kjøpt av Johan Edvard Lignell, som stykka opp eigedomane og selde desse som villatomter.
  • Herrängens gard, òg ved nordbreidda av innsjøen, vart truleg oppført mellom 1770 og 1782. Herrängsområdet var på 1700-talet ein husmannsplass under Långbro gard, under namnet Isberga. Husmannsplassen vart avdelt 1788 frå Långbro, og fekk gardsstatus med namnet Herrängen. Garden har sidan 1948 vore eigd av Stockholm by.
  • Långsjöbadet vart teke i bruk på midten av 1930-talet. Før den tida var området myrterreng, og stranda var igjengrodd med siv og utilgjengeleg. I dag er badevasskvaliteten skiftande på grunn av algevekst. Badeplassen har ei femti meter lang sandstrand og nokre badebrygger.
  • Långsjöhöjden er eit naturområde og eit bustadområde langs den nordlege breidda av Långsjön. Naturområdet Långsjöhöjden grensar til innsjøen Långsjön, og er, med sine 73 meter over havet det nest høgaste naturlege punktet i Stockholm kommune.
  • Långsjöbos äldreboende (Långsjöbos eldreheim), som ligg ved sørsida til innsjøen, vart bygd på midten av 1990-talet, og blir drive av ein privat stiftelse. Anlegget inneheld 32 boenheter og seks sykehjemsplasser.
  • Promenadstigen som ligg rundt innsjøen, kom på plass seint på 1980-talet. Ein kan likevel ikkje gå heilt rundt langs vatnet, då det er fleire villaer i området med private strandtomter.

Vassreinsing[endre | endre wikiteksten]

Stockholm Vatten tilfører Långsjön 30 liter reint drikkevatn per sekund for å betre vasskvaliteten, og motverke algevekst. Huddinge kommune let overflatevatn renne ureinsa ut i innsjøen, mellom anna frå det sterkt trafikkerte Häradsvägen. Nokre gonger hamnar meir eller mindre uuttynna avløpsvatn frå eit overbelasta leidningsnett direkte i innsjøen. Långsjön sitt nedbørområde består av om lag 60 prosent busette område.

Hausten 2006 vart det gjennomført eit prosjekt av Stockholm Vatten for fosforredusering, som på sikt skal gje betre balanse i fiskepopulasjonen i innsjøen, samt auke krepsepopulasjonen.

Sidan november 2008 har Långsjön inngått i vassverningsområdet Östra Mälaren.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

59°16′3″N 17°57′50″E / 59.26750°N 17.96389°E / 59.26750; 17.96389