Lånord i norsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lånord i norsk gjev eit oversyn over mekanismane attom innlån av ord i norsk. Det er mogleg å skilje mellom leksem som alltid har vore del av språket frå leksem som har vorte tekne frå andre språk. Språksamfunn lånar ord frå meir prestisjefylte språksamfunn, via tospråklege talarar. Studium av lånordslag i norsk speglar dermed samfunnsmessige tilhøve i Europa opp gjennom hundreåra.

Lånord i norrønt[endre | endre wikiteksten]

Med innføringa av kristendommen kom det ein god del lånord inn i norrønt. Av lånora i Fritzners Gammelnorsk Ordbog er ca. 61 % frå latin, 25 % frå gammal- og mellomhøgtysk, 7 % frå gammalfransk og under 5 % frå gammalengelsk. Dei fleste latinske lånorda er knytt til kristendommen, mange tyske ord til handel, og mange franske ord til hoffliv.

50 % av lånorda i norrønt var maskulina, 28 % nøytra og 22 % feminina, dvs. maskuline lånord var svakt overrepresentert samanlikna med normalfordelinga i norrønt, som var 40 % - 32 % - 28 %.

Lånord i mellomnorsk[endre | endre wikiteksten]

Lånord i nynorsk fram til 1900[endre | endre wikiteksten]

Moderne lånord[endre | endre wikiteksten]

Moderne lånord kjem framforalt frå svensk og engelsk. Av dei moderne lånorda er omtrent 9/10 maskuline, resten er nøytra.

I dei siste åra har ungdomsspråket i delar av Noreg, særleg i Oslo og andre større byar, gjennomgått store endringar. Dette heng saman med auken i talet ungdommar med framandspråkleg bakgrunn. Nye ord som er tekne i bruk i denne sjargongen inkluderer «kabe» (fin jente), «loco» (galen, tullete) og «schpa» (pen eller kul).