Lårdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå Lårdal bygdetun i 1958
Foto: Halvor Vreim/Riksantikvaren

Lårdal er ein tidlegare norsk kommune i Telemark, som vart slegen saman med Mo kommune til noverande Tokke kommune i 1964.

Lårdal var opphavleg eit prestegjeld med senter i bygda Lårdal ved Bandak. Grensa mot vest var Tokkeåi, og mot aust følgde soknegrensa dagens kommunegrense mot Kviteseid. Til kommunen høyrde annekssokna Eidsborg, Øyfjøll, og Dalen.

Lårdal var lenge eit rikt senter for folkemusikk i Vest-Telemark, og er kjend for ei rekkje gode spelemenn og kvedarar, mellom dei Talleiv Røysland, Knut Askje, Jarand Reffelbekk, Olav Groven og Eivind Groven.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]