Læger
Læger eller fall er liggjande, daud stammeved i skogen. Ordet er fleirtal av ei låg, men vert likevel ofte bruka som eit eintalsord (eit læger).
Læger vert klassifisert i tre nedbrytingsstadium.
Læger speler ei nøkkelrolle for det biologiske mangfaldet i skogen, sidan mange artar, spesielt lav og insekt, har spesialisert seg på å bryte ned daud ved. Nokre sjeldne artar er avhengige av daud ved i alle nebrytingsstadia for å greie seg over tid. I Fennoskandia kan opptil en firedel av dei skoglevande artane vere avhengige av leveområde med daudved. Den mest artsrike gruppa er makrosopp med om lag 1500 artar som bryt ned ved. Mange andre organismar, som mosar, lav, virvellause dyr, fuglar og små pattedyr bruker daud ved i større eller mindre grad gjennom livssyklusen.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Miljøregistrering i skog Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.