Lêr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lær)
Lêr og verktøy for lêrarbeid
Nygarva lêr i Marokko

Lêr (frå norr. leðr) er garva, hårlaus og ofte tjukk dyrehud brukt til å laga klede, skor, vesker, møblar, presenningar og andre ting ein ønskjer skal vera sterke og vasstette.

Hudene blir garva og tilreidd slik at dei skal halde seg mjuke, sterke og ikkje tørke eller rotne. Faguttrykket lêr blir i Noreg nytta om alle garva huder og skinn. Huder av store dyr, for eksempel kyr, hestar, elgar, esel og bøflar, blir kalla huder, medan huder av mindre dyr, for eksempel frå lam, kje, reinsdyr, rådyr og anna småvilt, blir kalla skinn. Lêr og skinn med pelshår går ofte under namnet pelsverk. Krypdyrskinn er i dag oftast erstatta av imitasjonar.

Potensielle innhaldsstoff i lêr[endre | endre wikiteksten]

Lêr kan innehalde krom som ofte er nytta til garving av skinn. Allergi for krom kan oppstå ved hudkontakt med lêr. Perfluorerte forbindingar som PFOA, blir òg nytta ved handsaming av lêr. Lêrimitasjonar blir ikkje garva, men syntetisk lêr laga av PVC, kan innehalde plastmjuknarar som ftalatar som mellom anna er mistenkt til å vere hormonhermande, skade evna til å få barn og føre til skader på fosteret.

Ein kan òg finne restar av ulike typar insekt- og råtehindrande middel i lêrvarer. Eit eksempel er dimetylfumarat (DMF) som nyleg vart forbode i Noreg. DMF kan mellom anna gi kraftige allergiske reaksjonar.[1]

Lêrvarer[endre | endre wikiteksten]

Lêr blir nytta som materiale i fleire ulike lêrvarer, til dømes:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erdetfarlig.no (Klima- og forurensningsdirektoratet, arkivert frå originalen 28. august 2010, henta 22. september 2010