Lærdal-Kaupanger-Gudvangen
Lærdal-Kaupanger-Gudvangen | |||
Trasé | Lærdal-Kaupanger-Gudvangen | ||
---|---|---|---|
Rutenett | Tidlegare ferjesamband i Indre Sogn | ||
Driftselskap | Fylkesbaatane | ||
Oppretta | 1939 | ||
Tidlegare trasé | Lærdal-Gudvangen | ||
Nedlagd | 1966 | ||
Mellombels erstatta av | Kaupanger-Revsnes-Gudvangen, Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-Gudvangen | ||
Attoppretta | 1995 | ||
Nedlagd på ny | 2000 | ||
Erstatta av | Lærdalstunnelen, Kaupanger-Frønningen | ||
Kommune | Lærdal, Sogndal, Aurland | ||
Fylke | Vestland | ||
Kaupanger–Gudvangen 61°04′00″N 7°01′30″E / 61.066666666667°N 7.025°E |
Lærdal-Gudvangen var eit ferjesamband mellom Habben ved Lærdalsøyri i Lærdal kommune og Gudvangen ferjekai i Aurland kommune, og tok til i 1939 med den nyinnkjøpte MF «Lærdal» (1939). Ferja var Fylkesbaatane si fyrste skikkelege bilferje med svingskive på dekk for å snu bilane.
I 1946 vart Kaupanger ferjekai lagt til ruta. Strekninga vart seinare del av dåverande Europaveg 68 mellom Lærdal og Gudvangen. Overfarten tok om lag 2 timar gjennom Lærdalsfjorden og Nærøyfjorden.
I 1966 vart dåverande E68 forlenga frå Lærdalsøyri til ny Revsnes ferjekai 14 kilometer nordvestover langs Sognefjorden for å korte ned overfartstida til Kaupanger og dåverande E68 Gudvangen, og denne erstatta ferjekaia på Lærdalsøyri. Med dette vart sambanda lagde opp på nytt, og Lærdal-Kaupanger-Gudvangen vart erstatta av Kaupanger-Revsnes-Gudvangen og Årdalstangen-Kaupanger-Revsnes-Gudvangen. Likevel måtte Lærdal ferjekai brukast titt og ofte i etterkant då den nye vegen til Revsnes var svært rasutsett og vegen vart stengd mange gonger. Difor vart Revsnes ferjekai og vegen dit stengt umiddelbart i 1995 etter opninga av det nye riksvegsambandet Mannheller-Fodnes mellom Lærdal og Kaupanger, og det gamle sambandet Lærdal-Kaupanger-Gudvangen med lengre overfartstid vart sett i drift att som ei mellombels løysing.
Fem år etterpå, i år 2000, opna Lærdalstunnelen. Med dette vart Europaveg 68, som no hadde nemninga Europaveg 16, ferjefri gjennom Indre Sogn. Sidan er sambandet operert i privat regi i samarbeid reiselivsnæringa, medan Kaupanger-Frønningen er skild ut som eiga offentleg fylkesvegsamband.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Magnus Helge Torvanger (2008). Frå dampskip til gassferjer : Fjord1 Fylkesbaatane 150 år : 1858-2008. Førde: Selja forlag. s. 74, 75. ISBN 978-82-91722-93-1.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kristin Ese: «Dei første ferjesambanda i Sogn» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- Kristin Ese: «Stamvegen - riksveg 5 - mellom Lærdal og Sogndal» på nettstaden til Fylkesarkivet i VestlandDenne samfunnsartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.