Lærdal-Vadheim
Lærdal-Vadheim | |||
Trasé | Lærdal-Vadheim | ||
---|---|---|---|
Rutenett | Tidlegare ferjesamband i Indre Sogn | ||
Driftselskap | Fylkesbaatane | ||
Oppretta | 1934 | ||
Nedlagd | 1938 | ||
Erstatta av | Lærdal-Kaupanger, Grinde-Nordeide |
Lærdal-Vadheim var eit ferjesamband mellom Habben ved Lærdalsøyri i Lærdal kommune, Vadheim i Høyanger kommune frå 1934, eit samband som berre skulle vara i fire år. Det var Stortinget som vedtok at ferjeruta skulle skipast, og løyvde 8000 kroner til dette. Midlane skulle blant anna gå til nye bilbruer på Vadheim og Habben. Sambandet var det fyrste ferjesambandet til Fylkesbaatane, som kom i gang sumaren 1934 med den ombygde dampbåten DS «Stavenes». Ferja gjekk då dagleg tur-retur Lærdal-Vadheim, med korrespondanse midtfjords i innløpet til Aurlandsfjorden med ei rute til Gudvangen. Den korresponderande ruta var i drift med den innleigde kutteren «Vesle Øyvind».
Med utvidinga av vegnettet langs Sognefjorden på slutten av 1930-talet vart det samanhengande veg mellom Kaupanger og Grinde. I 1937 opna vegen mellom Vadheim og Høyanger, og i 1938 opna vegen mellom Indre Sogn og Sunnfjord over Gaularfjellet.
Med dette vart sambandet delt i to: Lærdal-Kaupanger og Grinde-Nordeide. «Vesle Øyvind» trafikkerte Lærdal-Kaupanger frå sumaren 1938 til året etter.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Magnus Helge Torvanger (2008). Frå dampskip til gassferjer : Fjord1 Fylkesbaatane 150 år : 1858-2008. Førde: Selja forlag. s. 74, 75. ISBN 978-82-91722-93-1.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kristin Ese: «Dei første ferjesambanda i Sogn» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- Kristin Ese: «Leikanger-Hella og Vetlefjord-Dragsvik» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- Finn Borgen Førsund: «Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998» på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
Denne samfunnsartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |