Hopp til innhald

Lærdal ferjekai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lærdal ferjekai
KategoriFerjekai
UnderkategoriTidlegare dobbel kai, forskyvd parallell. No enkel.
Opna1934
Som del avLærdal-Vadheim
TilknyttRiksveg 5, Fylkesveg 5627
StadLærdalsøyri
KommuneLærdal
FylkeVestland
Nedlagd1966
Mellombels erstatta avRevsnes ferjekai
Opna på ny1995
Nedlagd på ny2000
Kart
Lærdal ferjekai
61°06′02″N 7°27′51″E / 61.100686946128°N 7.4641282594074°E / 61.100686946128; 7.4641282594074

Lærdal ferjekai, lokalt kalla Habben, er eit ferjeanlegg vestanfor Lærdalsøyri i Lærdal kommune i Vestland, og inngjekk i dåverande Europaveg 68 med ferjesambandet Lærdal-Gudvangen. Frå Habben gjekk òg ferjer til Kaupanger og Årdalstangen. Her ligg òg Lærdal hotell.

Fylkesbaatane starta med dampskipsruter herifrå i desember 1858. Frå 1934 kom det på plass det bilførande sambandet Lærdal-Vadheim med korrespondanse til Gudvangen. I 1938 vart sambandet delt opp til to nye samband, Lærdal-Kaupanger og Grinde-Nordeide.

I 1966 vart dåverande E68 forlenga frå Lærdalsøyri til ny Revsnes ferjekai 14 kilometer nordvestover langs Sognefjorden for å korte ned overfartstida til Kaupanger og dåverande E68 Gudvangen, og denne erstatta ferjekaia ved Lærdalsøyri. Med dette vart sambanda lagde opp på nytt, og Lærdal ferjekai stod att som ei reservekai som titt og ofte vart teken i bruk då nyvegen til Revsnes gjekk gjennom eit område som synte seg å vera særs rasutsett.

I 1995 opna ny Riksveg 5 mellom Kaupanger og Lærdal, og med dette Fodnestunnelen til Fodnes ferjekai og det nye ferjesambandet Mannheller-Fodnes. Med dette vart Revsnes ferjekai lagt ned, medan Habben nok ein gong vart nytta av sambandet Lærdal-Kaupanger-Gudvangen for å ta unna europavegtrafikken fram til opninga av Lærdalstunnelen i 2000.

Sidan har det ikkje vore ordinær ferjetrafikk frå Habben, men den eine ferjekaia er framleis intakt med moderne 6 meter brei ferjelem, og kaia er no ein arm av Riksveg 5.

Liste over samband med stopp på Lærdal ferjekai:

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]