Lærdalsøyri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lærdalsøyri
Tettstad
none  Gamle Lærdalsøyri
Gamle Lærdalsøyri
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Lærdal
Areal 1,17 km²
Folketal  1 103 (2015)
Folketettleik 943 / km²
Postnummer 6887 LÆRDAL
Innbyggjarnamn Lærdøl
Preposisjon Lærdalsøyri
Wikimedia Commons: Lærdalsøyri

Lærdalsøyri er einaste tettstad og administrasjonssenter i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane, og huser drygt halvparten av kommunens innbyggjarar. Den største arbeidsplassen er Lærdal sjukehus, lokalsjukehus for Indre Sogn, med om lag 150 tilsette. Elles er fleire mellomstore byggentreprenørar lokalisert til Lærdalsøyri, og dessutan noko treindustri.

Sentralt på Lærdalsøyri ligg Gamle Lærdalsøyri, eit prislønt og verna trehusmiljø frå 17- og 1800-talet med 161 bygningar i blant anna sveitserstil, som minner om tida då Lærdal var ein sentral administrasjons- og handelsstad. Kvar sommar arrangerast Lærdalsmarknaden her, ein historisk vestlandsk handelsmarknad som har blitt halden sidan 1500-talet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lærdalsøyri er ein gammal strandstad som under 1800-talet var den folkerikaste tettstaden i Sogn. Etter hundreårsskiftet blei den utkonkurrert av Sogndalsfjøra som sentralstad i Sogn.

I 1838 blei det foreslått å gje Lærdalsøyri status som by (ladestad). I 1841 hadde byteiknarane planane klare for ein kvadratur som gjekk frå Lærdalsfjorden til omtrent der Hauge kyrkje står i dag. I 1842 vedtok Regjeringa å gje Lærdal bystatus, saman med Haugesund og Namsos, men alle tre stadene blei avvist alt i Odelstinget.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling på Lærdalsøyri
År Innbyggjarar
1865
  
762
1875
  
625
1890
  
610
1900
  
578
1910
  
417
1920
  
423
1930
  
445
1946
  
714
1950
  
754
1960
  
694
1970
  
666
1980
  
1 000
1990
  
970
2000
  
1 060
2009
  
1 153
2012
  
1 147
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]