Hopp til innhald

Lærebok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei lærebok i komipermjakisk for elevar i 7.- 8. klasse.

Ei lærebok er ei bok laga for å nyttast som læremiddel. Fordelar med å bruka lærebøker er at lesaren kan ta dei fram når han vil og har høve, og kan bruka så lang tid han treng med stoffet. Ei ulempe er at det ikkje finst nokon lærar som kan svara på spørsmål som boka ikkje dekkjer. Nokre ulike typar lærebok er skulebok, til bruk i skulen, lesebok ller tekstbok, som inneheld tekstar som er relevante for den som lærar, og oppgåvebok, der den som lærer kan prøva seg på oppgåver knytte til faget.

Historie i Noreg

[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste norske skuleboka på morsmålet var ei reknebok som kom ut i Trondheim i 1645. Tittelen var Arithmetica Danica (‘dansk aritmetikk’). Store delar av boka var skriven på vers, og ho framstår som både morosam og pedagogisk tilrettelagd. Boka blei omtalt av forfattaren Tyge Hansøn som «Arithmetica Danica - en liden simpel og enfoldig Dansk Regne Bog, affdeelt i fiire Parter eller Bøger».[1]

  1. Viggo Brun: Regnekunsten i det gamle Norge (s. 51), Universitetsforlaget 1962