Léo Lacroix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Léo Lacroix
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 26. november 1937 (86 år)
Bois-d'Amont
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1968, alpine skiing at the 1964 Winter Olympics – men's downhill

Utmerkingar

offiser av Æreslegionen

Léo Lacroix (fødd 26. november 1937) er ein fransk tidlegare alpin skirennar frå Bois-d'Amont i Franche-Comté som vann sølv i utfor både under Vinter-OL 1964 og alpin-VM 1966, samt i kombinasjonen i sistnemnde meisterskap.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Lacroix enda opp med ein sjuandeplass i storslalåm og ein ellevteplass i utfor då VM i alpine greiner 1962 vart arrangert i heimlandet. To år seinare tok han sølvmedaljen i utforrennet under Vinter-OL 1964 i Innsbruck, gullmedaljen gjekk til austerrikaren Egon Zimmermann.

Under VM i alpine greiner 1966 i Portillo i Chile vart Lacroix på ny nummer to i utfor, denne gongen bak sin eigen landsmann, Jean-Claude Killy. Dei same to vart nummer ein og to i kombinasjonen, også der med Killy framom Lacroix.

I sin siste sesong vart Lacroix nummer fire i verdscupen i alpine greiner 1967, den aller fyrste sesongen verdscupen gjekk av stabelen.

Lacroix vart invitert til Vinter-OL 1968 i Grenoble, der han avla den olympiske eiden på vegner av alle utøvarane. Etter han la opp som alpinist eigde og dreiv Lacroix ein skifabrikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar