Hopp til innhald

Löberöd

Koordinatar: 55°46′28.711″N 13°30′37.573″E / 55.77464194°N 13.51043694°E / 55.77464194; 13.51043694
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

55°46′28.711″N 13°30′37.573″E / 55.77464194°N 13.51043694°E / 55.77464194; 13.51043694 Löberöd er ein tettstad i Eslövs kommun og Höörs kommun i Skåne län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 1 097 innbyggjarar.

Stasjonssamfunnet Löberöd, som ligg i Frosta härad, dåverande Malmöhus län, oppstod etter bygginga av Ystad-Eslövs järnväg (YEJ), som blei ferdigstilt i 1866. YEJ blei overtatt av staten i 1941 og persontrafikken på strekninga Tomelilla-Löberöd-Eslöv tok slutt i 1981 (godstrafikken blei nedlagt alt i 1975).

I 1899 blei Löberöds municipalsamhälle etablert, det var delt mellom kommunane Hammarlunda og Högseröd. Som ein kuriositet kan nemnast at idrettsplassen på staden, som låg i like nær tettstaden, låg i Gudmuntorp kommune. I 1952 blei Löberöd kommune danna gjennom samanslåing av Hammarlunda, Högseröd og Harlösa kommunar, før municipalsamhället blei oppløst ved årsskiftet 1954/55. Sidan 1971 tilhøyrer Löberöd Eslövs kommune. Ein kilometer vest for Löberöd ligg Löberöds slott.

Industrihistorie

[endre | endre wikiteksten]
  • Löberöds Andelsmejeri var i drift frå 18. januar 1892 til 31. Desember 1969.

Kjende personar frå Löberöd

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]