Lødingen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lødingen
tettstad
none
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Kommune Lødingen
Areal 1,59 km²
Folketal 1 746 (2015)
Folketettleik 1 098 / km²
Postnummer 8410 LØDINGEN
Innbyggjarnamn lødingsværing

Lødingen er ein tettstad og administrasjonssenteret i Lødingen kommune i Nordland fylke. Tettstaden ligg ytst i Tjeldsundet, ved munningen av sundet på nordsida av Vestfjorden, og har 1 746 innbyggjarar per 1. januar 2015.

Lødingen er eit handels- og kommunikasjonssenter. I tettstaden ligg Norsk Telemuseum Lødingen og Losmuseet Lødingen. Her står også Lødingen kyrkje, ei tømra krosskyrkje frå 1897.

Det går ferje over Vestfjorden som knyter E10 (Kong Olavs veg og fastlandssambandet til Lofoten) saman med E6Bognes og gjev kortaste vegen sørover frå Harstad og Vesterålen. Lødingen har ein større losstasjon og er ei viktig fiskehamn.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lødingen - tettstedet (2016-07-14).