Løken kyrkje
Utsjånad
- For kyrkja med liknande namn på Løkken Verk i Trøndelag, sjå Løkken kyrkje.
| Løken kyrkje | |||
| kyrkje | |||
Foto: Trond Strandsberg | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Borg | ||
| Prosti | Østre Borgesyssel | ||
| Sokn | Løken | ||
| Fellesråd | Aurskog-Høland | ||
| Type | Langkyrkje | ||
| Arkitekt | A.C. Furuholmen | ||
| Teknikk | Bindingsverk | ||
| Material | Tre | ||
| Innvigd | 13. mars 1883 | ||
| Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
| Preikestol | 1883 | ||
| Altartavle | Torsten hoff, 1738 (truleg) | ||
| Sitjeplassar | 700 | ||
![]() Løken kyrkje 59°47′50″N 11°28′04″E / 59.79722222°N 11.46777778°E | |||
| Wikimedia Commons: Løken kirke | |||
Løken kyrkje er ei langkyrkje frå 1883 i Aurskog-Høland kommune i Akershus fylke.
Kyrkja vart oppført av byggmeister Andreas Keitel på grunnlag av teikningar utarbeida av A.C. Furuholmen (og korrigert av Jacob Wilhelm Nordan). Dette er den tredje kyrkja på Løken. Dei to førre stod litt lenger sørvest.
Altertavla er frå 1738, og er frå ei eldre kyrkje. Ho blei truleg skoren ut av Torsten Hoff, og syner nattverden, med krossfestinga i toppfeltet. Døypefonten og preikestolen er frå renessansen. Mykje av inventaret elles er frå då kyrkja blei bygd i 1883.[1]
Orgelet er laga av August Nielsen i 1884, og blei bygga om av Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk i 1965.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Gamlekyrkja som vart brukt fram til 1883
- Kyrkja omkring 1920Foto: Ukjent/Riksantikvaren
- Ein trur at Torsten Hoff skar altartavla.Foto: Kulturminnebilder.no
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Løken kirke – Norges Kirker», norgeskirker.no, henta 11. august 2026
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Sigrid og Håkon Christie: Løken kirke i «Norges kirker»
- Rasmussen, Alf Henry (1993). «Løken kirke». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 656. ISBN 82-75-27022-7.
- (no) «Løken kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- (no) Løken kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Denne kyrkjeartikkelen som har med Akershus å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
