Løkke bru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°53′34″ N 10°31′8″ E

Løkke bru
Løkke bro in Sandvika, Bærum.jpg
Løkke bru på eit måleri av Monet. Dette eksemplaret er ved Art Institute of Chicago.

Løkke bru er ei bru over Sandvikselva i Sandvika i Bærum kommune. Opphavleg var brua ei køyrebru som fram til 1978 inngjekk i Ringeriksveien, men vart freda og flytt noko lenger opp i Sandvikselva i samband med at det vart bygd ei ny og meir tidsmessig køyrebru i betong på staden der ho stod opphavleg. Etter flyttinga er brua nytta som gang- og sykkelvegbru mellom Løkke og foretnings- og bustadområdet på Hamang, der mellom anna Sandvika videregående skole held til i dei tidlegare bygningane til Handelshøyskolen BI, og ligg no i det parkområdet som vert kalla Løkkeparken.

Brua er ei bogebru med bogar av støypejern, og med brudekke av tre. Brua er fem meter brei, spennet er på 22,8 meter, og byggjekostnadene i si tid var på 4 700 specidalar. Dei to bogane vart støypte på Bærums Verk jarnstøyperi i 1829. Kvar av dei er støypte i eitt stykkje, og frakta i heil tilstand til brustaden. Dette var den fyrste støypejernsbrua som vart bygd i Noreg. Ettersom Ringeriksvegen gjennom Sandvika var en del av hovudvegen mellom Oslo-området og Ringerike, Hønefoss og Hallingdal, vart det naudsynt å erstatte ho med ei ny bru på 1970-talet. No er Europaveg 16 frå krysset med Europaveg 18 i Sandvika hovudsambandet på denne strekninga. Fram til 1934 var Løkke bru dessutan nytta som bru over Sandvikselva for trafikken mellom Oslo og Drammen. Før brua vart bygd, låg det bruer av tre på den same staden.

Brua har namn etter ein tidlegare bondegard i området som vart kalla Løkke (som tydar 'inngjerda jordstykkje').

Løkke bru er særleg kjend på grunn av at Claude Monet har ho med som eit av motiva på måleria frå vitjinga si i Oslo og Bærum i januar-april 1895, då han etter initiativ frå målaren Frits Thaulow kom for å måle «det fryktinngydende nord». Nasjonalgalleriet i Oslo har måleriet av Løkke bru i samlingane sine. Elles har fleire kunstmålarar vorte fascinert av den særeigne brua, mellom anna Johannes Flintoe i 1838 og Fredrik Collet i 1889.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Borgen, Per Otto, 2006, Asker og Bærum leksikon, Drammen: Forlaget for by- og bygdehistorie, side 333 og side 349. ISBN 82-91649-10-3

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]