Løkken i Vendsyssel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gate i Løkken.
Ruin av ein tysk bunkers frå andre verdskrigen på Løkken strand.

Løkken er ein turist- og ferieby, opphavleg ei fiskarhamn, i Hjørring kommune i Vendsyssel i Danmark, i Region Nordjylland. Byen ligg ved Jammerbugt i Skagerrak, sørvest for Hjørring og nord for Aabybro. I 2014 hadde Løkken 1.589 fastbuande. Fram til kommunereformen i 2007 var Løkken ein av hovudbyane i Løkken-Vrå kommune.

Den eldste busettinga i Løkken er frå slutten av 1600-talet. Seinare utvikla byen seg til ein viktig ladestad for handelen mellom Vendsyssel og Sør-Noreg, der dansk korn, smør og kjøtt vart bytta i norsk trelast og jarn. Enno finst det pakkhus frå dette som i Danmark vert kalla skudehandelen, som varte til om lag år 1900, og gikk føre seg mellom ladestader i Sør-Noreg og vestkysten av Jylland, særleg frå Vendsyssel, Ringkøbing, Thy og Han Herred. Til denne skudehandelen vart nytta sandskuder og baggeskuder, som var skip bygd for å kunne leggje til land på dei danske sandstrendene.

Løkken vart òg ein viktig fiskarby, som til tider var den tredje største langs vestkysten av Jylland. Ikring 1950 hadde byen om lag 50 båtar som vart drege opp på stranda. Fiskarmiljøet, med molo, båtplass, signalmast, tjæreplass og bergingshuset eksister framleis, men er no vorte kystfiskerimuseum, for det er berre få yrkesfiskarar att.

Løkken ligg i den sørlege enden av klinten Lønstrup Klint, som har den nordlege enden ved Lønstrup. Den 19 kilometer lange og særs breie stranda sørover til Rødhus er opa for køyring med bil året rundt. Frå Løkken er det òg nedkøyringar til Blokhus, Grønhøj og Saltum.