Løksefjorden

Koordinatar: 68°55′33.856″N 17°41′31.589″E / 68.92607111°N 17.69210806°E / 68.92607111; 17.69210806
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

68°55′33.856″N 17°41′31.589″E / 68.92607111°N 17.69210806°E / 68.92607111; 17.69210806 Løksefjorden er ein fjordarm av Salangen i Salangen kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 2,5 km nordaustover til Løksebotn i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Løkseneset i vest og Kleivan i aust. Bygda Løksa, som fjorden er kalla opp etter, ligg like aust for Løkseneset. Grenda Medby ligg aust for Kleivan ved Salangsverket.

Riksveg 848 går langs nordsida av fjorden, medan Riksveg 84 går langs søraustsida.