Løno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Løno
øy
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Øygarden
Høgd 46 m
Kart
Løno
60°20′N 4°54′E / 60.33°N 4.9°E / 60.33; 4.9

Løno er ei privateigd øy utan innbyggjarar som ligg vest for Sotra i Øygarden kommune i Vestland. Øya har eitt hus som kan leigast og nokre naust. Øya er open for friluftsaktivitetar.

Området rundt øya er opent og vêrhardt og det krevst godt vêr for å nå ut til ho. Det er sau på beite heile året på øya.

Øya hadde fast busetnad frå 1845 til 1951 med 7 bustadhus og 6 gardsbruk. Løno hadde eigen skule og øya var sjølvforsynt med poteter, grønsaker og fór til dyra. Fiske og sjøfart var hovudnæringa. Skulen vart lagt ned i 1942, då det berre var tre elevar att, og tidleg på 1950-talet vart øya fråflytta.

Den sørlege delen av øya er sjøfuglreservat.

Folketalsutvikling:

1900[1] 1950[1]
44 17

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Halvor Skurtveit et al. (red.), Fjell bygdebok, bd. II (Fjell kommune, 2005)