Løp for livet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Løp for livet er ein aksjon til inntekt for Kreftforeningen som raudrussenBømlo har halde kvart år sidan starten i 1989. Det var i hovudsak to stafettløp, eit bedriftsløp for lokale bedrifter, lag og organinsasjonar og eit skuleløp for elevane ved vidaregåande skular og ungdomsskular i området.

Løp for Livet vart starta då ei jente ved Bømlo vidaregåande skule fekk kreft og klassevenene hennar ikkje ville sitja stille og sjå på. Dette vart starten på ein snart 30 år gamal tradisjon.

Dei siste åra har russen tatt på seg meir enn berre dei to løpa, og dei er mellom anna ute og leikar med ungane på barneskulane, sel vaflar og tek på seg oppdrag frå den lokale handelsstanden. I 2007 var dei og for fyrste gong med på bøsseaksjonen Krafttak mot Kreft. Bømlorussen har seinare blitt den største innsamlaren for Kreftforeninga.

I 2013 var det 25-årsjubileum, og Bømlorussen samla inn 570 000 NOK.

Innsamla beløp siste åra

  • 2005: 150 000 NOK
  • 2006: 200 000 NOK
  • 2007: 400 000 NOK
  • 2013: 570 000 NOK
  • 2017: 767 000 NOK
  • 2018: 740 000 NOK

Kjelder[endre | endre wikiteksten]