Løparen Bronisław Malinowski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Løparen Bronisław Malinowski
MalonowskiBronislawFuerth1976.jpg
Fødd 4. juni 1951
Nowe
Død

27. september 1981 (30 år)
Grudziądz

Yrke langdistanseløpar, friidrettsutøvar
Løparen Bronisław Malinowski på Commons
Bronislaw Malinowski i 1976

Bronisław Malinowski (4. juni 195127. september 1981) var ein polsk friidrettsutøvar. Han vart europameister i 3 000 meter hinder i 1974 og 1978, og olympisk meister i same øvinga i 1980. Malinowski var polsk rekordhaldar på 3 000 m hinder med 8.09,1 og på 5 000 m med 13.17,6, begge oppnådd i 1976-sesongen. Han var oppkalla etter den samnemnde, verdskjende sosialantropologen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ettersom det var hard konkurranse om ein plass på tremanns-laget mellom dei polske hinderløparane deltok Malinowski ved friidretts-EM 1971 i Helsinki på 5 000 meter, der han kom på åttandeplass og sette polsk rekord med 13.39,4. Få veker etter EM vann Malinowski hinderløpet i landskampen Finland-Polen og tangerte den ferske polske rekorden til Kazimierz Maranda på 8.28,2, også det på olympiastadion i Helsinki.

Den 10. august 1972 var Malinowski nær ved å tangere verdsrekorden til Kerry O`Brien på 3 000 m hinder, då han i landskampen Polen-Frankrike vart klokka inn til 8.22,2, fattige to tidels sekund over rekordtida. Vel tre veker seinare vart han fjerdemann i hindertevlinga under sommarleikane 1972 i München.

I 1974-sesongen forbetra Malinowski den polske hinderrekorden fleire gongar. Fyrste gongen til 8.21,2, deretter til 8.20,4 og ytterlegare til 8.19,2. Under europameisterskapen lukkast han å halde favoritten Anders Gärderud bak seg på oppløpssida og vann gullmedaljen på tida 8.15,0, eitt sekund bak verdsrekorden til Ben Jipcho. Same året forbetra Malinowski også den polske rekorden på 5 000 m til 13.28,0.

Dei to neste sesongane kjempa Malinowski og Gärderud om å vere den fremste hinderløparen i verda. Rivaliseringa vart avslutta med at Malinowski tok sølvmedaljen i Sommar-OL 1976, der Gärderud vann gullet og sette verdsrekord med 8.08,0, Malinowski fekk 8,09,1 i sluttid i sitt livs snøggaste hinderløp. Tidlegare i OL-sesongen gjorde han også sin beste 5 000 m då han på Stockholm stadion kom i mål på 13.17,6, polsk rekord det òg.

I 1978 forsvarte Malinowski EM-tittelen på 3 000 m hinder. Men høgdepunktet for Malinowski kom under sommarleikane 1980 i Moskva, då han sikra seg gullmedaljen i 3000 m hinder, etter å ha hengt på løpsleiaren Filbert Bayi og lett spurta frå tanzanianaren på sisterunden.

Malinowski omkom 30 år gammal i eit bilkrasj på ei bru i Grudziądz, ei bru som i dag er oppkalla etter han.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1971 i Helsinki: Nr 8 på 5 000 m – 13.39,4
  • OL 1972 i München: Nr 4 i 3 000 m hinder – 8.28,0
  • EM 1974 i Roma: Gullmedalje i 3 000 m hinder – 8.15,0, framom Anders Gärderud (8.15,4)
  • OL 1976 i Montreal: Sølvmedalje i 3 000 m hinder – 8.09,1, bakom Anders Gärderud (8.08,0)
  • EM 1978 i Praha: Gullmedalje i 3 000 m hinder – 8.15,0, framom Patriz Ilg (8.16,9)
  • OL 1980 i Moskva: Gullmedalje i 3 000 m hinder – 8.09,7, framom Filbert Bayi (8.12,5)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Friidrott, aktuelle årgangar.