Løpekatt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Løpekatt som ber ei last.

Ein løpekatt eller laupekatt er ei vogn som heng i ein berekabel, og som ei last vert festa i. Løpekattar vert nytta i samband med kabelkran og taubaner. Vogna har ei eller fleire trinser som rullar langs berekabelen.

kabelkranar for transport av tømmer har vogna òg trinser på undersida, som trekklinja går over. Når trekklinja vert stramma, vert tømmeret løfta opp til løpekatten[1]. I samband med transport av tømmer er løpekatten ofte sjølvutløysande, slik at tømmeret vert sleppt når løpekatten med tømmerlasset kjem til enden av banen[1].

På taubaner er det fleire løpekattar langsetter berekabelen med kvar sin gondol. På taubaner for persontransport det viktig at løpekattane er forsvarleg festa på berekabelen, slik at dei ikkje kan hoppa av under drift. Slike taubaner må oppfylla strenge sikkerheitskrav, og må inspiserast og godkjennast med jamne mellomrom.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Samset, I., Fra muskler til maskiner i skogen, Norsk skogmuseum, 2008.