Lørenbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lørenbanen er strekninga Sinsen – Løren – Økern på dette utsnittet av linene i T-banenettet i Oslo i 2016. Strekninga mellom stasjonane Ullevål stadion på Sognsvannsbanen og Carl Berners plass på Grorudbanen er den såkalla Ringen, og den grøne lina med stasjonane Carl Berners plass, Hasle og Økern heilt til høgre er ei strekning av Grorudbanen.

Lørenbanen er ei 1,6 kilometer dobbeltspora T-baneline i tunnel mellom Sinsen stasjon på T-banelina Ringen og Økern stasjon på T-banelina Grorudbanen i Oslo, påbyrja i 2013 og opna for trafikk 3. april 2016. Strekninga trafikkerast med tog som går opp og ned Groruddalen på Ringen og Grorudbanen. I samband med opninga av banen vart det gjort store endringar på heile T-banenettet i Oslo med omsyn til linenummerering og kva for strekningar som vert trafikkert av dei einskilde linene.

Lørenbanen har ein underjordisk stasjon, Løren stasjon, som ligg sentralt til i det tettbygde området med bustadblokkerLøren. Det er rekna med at stasjonen vert ein av dei mest brukte i T-banenettet i Oslo.