Løten kommune
| Løten kommune | |||
| kommune | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Innlandet | ||
| Adm.senter | Løten | ||
| Areal | 369,44 km² | ||
| • land | 362,85 km² | ||
| • vatn | 6,59 km² | ||
| Folketal | 7 931 (1. januar 2025) | ||
| Målform | bokmål | ||
| Ordførar | Marte Larsen Tønseth (Sp) | ||
| Kommunenr. | 3412 | ||
![]() Løten kommune 60°49′31″N 11°23′27″E / 60.825277777778°N 11.390833333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Løten | |||
| Nettstad: www.loten.kommune.no | |||
Løten er ein kommune i Innlandet fylke. Kommunen ligg mellom Hamar og Elverum. Namnet Løten kjem av norrønt Lautin. Ordet er ein kombinasjon av «Laut» og «vin». Laut tyder ei djupne i bakken og «vin» tyder eng. Namnet vart skrive «Løten» frå starten av 1800-talet.
Løten den av dei opphavlege tettstadane på Hedmarken som låg lengst aust. Området har vore ei gjennomfartsåre for trafikk mellom aust og vest i uminnelege tider. Det gamle kommunesenteret låg ved Løten kyrkje, som er frå 1200-talet. Då jarnbanen Grundsetbanen vart opna i 1862, vart Løten stasjon det nye senteret for handel og administrasjon.
Løiten Brænderi, som vart oppretta i 1855, har vore med å gjera Løten kjend. Akevitt-produksjonen vart overteke av Vinmonopolet i 1927, men råspritproduksjonen heldt fram til 1990-åra. Den tradisjonsrike Løiten-akevitten vert i dag produsert av Arcus Produkter.
Folk frå Løten
[endre | endre wikiteksten]- Edvard Munch (1863–1944), kunstmålar
- Elias Trætteberg (1864-1951), skulemann og politikar
- Laila Preikschas Nygjerdet (f. 1943), artist kjend som Cowboy-Laila
- Kjersti Bronken Senderud (f. 1971), forfattar, fødd på Hamar
Bilete
[endre | endre wikiteksten]- Etter at Rørosbanen åpna, vart Løten ein stasjonsby.Foto: Cato Edvardsen
- Løiten brenneri
- Klevfos Cellulose- & Papirfabrikk
- Kyrkja på Løten.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |

