Løva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Løva
Løva
Løva
Latinsk namn Leo
Forkorting Leo
Genitivsform Leonis
Symbologi Løve alt på assyrisk tid
Rektasensjon 11 h
Deklinasjon 15°
Areal 947 kvadratgrader
nr. 12 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
3
Sterkaste stjerne Regulus (α Leo) (1,4. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −65°

Løva (frå latin Leo, symbol ) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula.

Det høyrer til dyrekrinsen, og ligg mellom Krepsen i vest og Jomfrua i aust. Det er eit av dei 48 stjernebileta som vart skildra av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet og er i dag eitt av dei 88 moderne stjernebielta i dag, og lett gjenkjenneleg på grunn av dei mange lyse stjernene og ei markant form som minnar om ei løve som ligg på lur.

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Løva slik det er for det nakne auga (det lyse objektet i midten er planeten Jupiter). AlltheSky.com
Løva og Den vesle løva framstilt på eit engelsk kort frå rundt 1825.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Løva har mange lyssterke stjerner, og mange vart identifiserte alt i antikken. Det er fire stjerner med første eller andre storleiksklasse.

  • Regulus, med nemninga Alfa Leonis, er ei blåkvit hovudseriestjernemed storleiksklasse 1,34, 77,5 lysår frå jorda. Ho er ei dobbeltstjerne som er mogeleg å skilje frå kvarandre i ein kikkert, med ei sekundærstjerne med storleiksklasse 7,7.
  • Beta Leonis, kalla Denebola, ligg i andre enden av stjernebiletet for Regulus. Ho er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 2,23, 36 lysår frå jorda.
  • Algieba, Gamma Leonis, er ei dobbeltstjerne med ein tredje optisk komponent. Dei to første stjernene er mogeleg å skilje frå kvarandre i små teleskop, og den tredje er synlege i kikkert. Primærstjerna er ei gul kjempestjerne med storleiksklasse 2,61 og den sekundære er liknande med storleiksklasse 3,6. Dei har ein periode på 600 år og ligg 126 lysår frå jorda. Den tredje stjerna, 40 Leonis, er ei gulaktig stjerne med storleiksklasse 4,8. Det tradisjonelle namnet er Algieba.
  • Delta Leonis, kalla Zosma, er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 2,58, 58 lysår frå jorda. Epsilon Leonis er ei gul kjempe med storleiksklasse 3,0, 251 lysår frå jorda.[1]
  • Zeta Leonis, kalla Adhafera, er ei optisk trippelstjerne. Den mest lyssterke og einaste stjerna som har nemninga Zeta Leonis, er eia kvit kjempe med storleiksklasse 3,65, 260 lysår frå jorda. Den nest mest lyse, 39 Leonis, ligg i sør og har storleiksklasse 5,8. 35 Leonis ligg i nord med storleiksklasse 6,0.
  • Iota Leonis er ei dobbeltstjerne som er mogeleg å skilje i mellomstore amatørteleskop. Dei vil bli mogeleg å skilje i små amatørteleskop når dei er på sitt vidaste (2053-2063). For det nakne auga verkar Iota Leonis å vere ei gulaktig stjerne med storleiksklasse 4,0. Systemet er 79 lysår frå jorda og komponentar med storleiksklasse 4,1 og 6,7 med ein periode på 183.
  • Tau Leonis er ei optisk dobbeltstjerne som er mogeleg å skilje i kikkert. Primærstjerna er ei gul kjempe med storleiksklasse 5,0, 621 lysår frå jorda. Sekundærstjerna er ei stjerne med storleiksklasse 8. 54 Leonis er ei dobbeltstjerne 289 lysår frå jorda, og er mogeleg å sjå små teleskop. Primærstjerna er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 4,5 og den sekundære er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 6,3.[1]

Andre stjerner i Leo er Mu Leonis, Rasalas og Theta Leonis, Chertan eller Coxa.[1] [2]

Løva har ei lys variabel stjerne, ei raud kjempe kalla R Leonis. Ho er ein Mira-variabel med ein minste storleiksklasse på 10 og normal største storleiksklasse på 6; men stundom lyser ho opp til storleiksklasse 4,4. R Leonis ligg 330 lysår frå jorda, has ein periode på 310 dagar og ein diameter på 450 solardiameter.[1]

Stjerna Wolf 359 (CN Leonis) er ei av dei næraste stjernene til jorda, 7,8 lysår unna. Wolf 359 er ein raud dverg med storleiksklasse 13,5. I periodar lyser ho opp ein storleiksklasse eller mindre fordi ho er ei flarestjerne.[1] Gliese 436 er ei lyssvak stjerne i Løva som ligg kring 33 lysår unna sola. Ho har ein eksoplanet med masse liknande Neptun.

Karbonstjerna CW Leo (IRC +10216) er den mest lyssterke stjerna på nattehimmelen i det infraraude N-bandet (10 μm bølgjelengd).

Stjerna SDSS J102915+172927 (Caffau-stjerna) ligg i den galaktiske haloen. Ho er kring 13 milliardar år gammal og ei av dei eldste stjernene i galaksen. Ho har lågast metallisitet av alle stjerner ein kjenner til.

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Messier 66

Løva har mange lyssterke galaksar; Messier 65, Messier 66, Messier 95, Messier 96, Messier 105 og NGC 3628 er dei mest kjende og dei to første er ein del av Løvetrillingane.

Løveringen er ei sky av hydrogen og helium og er funnen i bane kring to galaksar i dette stjernebiletet.

M66 er ein spiralgalakse som er ein del av Løvetrillingane i lag med M65 og NGC 3628. Han ligg 37 millionar lysår unna og har ein noko forvridd form på grunn av gravitasjonsvekselverknad med dei to andre galaksane i gruppa, som dreg stjerner bort frå M66. Etter kvart vil dei ytre stjernene danne ein dverggallakse i bane kring M66.[3] Både M65 og M66 er synlege i store kikkertar eller små teleskop, men den konsentrerte kjernen og den langstrekte forma er berre synleg i store amatørinstruemnt.[1]

M95 og M96 er begge spiralgalaksar 20 million lysår frå jorda. Dei er synlege som uskarpe objekt i små teleskop, men strukturen er synlege i større instrument. M95 er ein stavspiralgalakse. M105 ligg kring ein grad frå M95/M96 og er ein elliptisk galakse med storleiksorden 9, òg kring 20 million lysår frå jorda.[1]

NGC 2903 er ein stavspiralgalakse oppdaga av William Herschel i 1784. Han har særs lik form og storleik som Mjølkevegen og ligg 25 million lysår frå jorda. I kjernen har NGC 2903 mange «heiteflekkar», som ein har funne nær regionar med stjernedanning. Stjernedanninga i denne regionen trur ein kjem frå ein støvete stolpe, som sender sjokkbølgjer gjennom rotasjonen sin til eit område med ein diameter på 2 000 lysår. Den ytre delen av galaksen har mange unge, opne hopar.[3]

Løva er heimstad til somme av dei største strukturane i det observerbare universet. Somme av desse er Clowes–Campusano MKG, U1.11, U1.54 og Huge-MKG, som alle er store kvasargrupper. Den sistnemnde er den nest største strukturen ein kjenner til.[4]

Meteorsvermar[endre | endre wikiteksten]

Leonidane skjer i november med ein topp kring 14.-15. november og stråler ut nær Gamma Leonis. Svermen kjem frå Kometen Tempel-Tuttle, som skapar utbrot kvart 35. år. På det meste kjem av det kring 10 meteorar i timen.[5]

Januar-leonidane er ein mindre meteorsverm med ein topp mellom 1. og 7. januar.[6]


Soge[endre | endre wikiteksten]

Stjernebildet har vore rekna som ei løve sidan oldtida. Dei gamle egyptarane kalla ein del av det noverande bildet ei løve, mellom anna gjennom ein tempelinskripsjon i Ramesseum i Theben. Ifølge Plinius den eldre dyrka egyptarane stjernene i løva fordi sola bevega inn i bildet samstundes som Nilen flauma.

I gresk mytologi var bildet løva frå Nemea som Herakles slost mot i sine tolv storverk.

Astrologi[endre | endre wikiteksten]

I 2002 var sola del av stjernebildet frå 10. august til 15. september. I tropisk astrologi blir ho rekna for å vera i bildet frå 24. juli til 23. august, og i sidereal astrologi frå 16. august til 15. september. Dei som er fødde innanfor desse tidsromma er rekna som «løver» innanfor kvart av systema.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Lammas, som moderne høgtid knytt til stjernebildet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Ridpath & Tirion 2001, s. 166-168.
  2. William Tyler Olcott, Stjernebilete of Words: Leo (available at http://www.constellationofwords.com/Stjernebilete/Leo.html, henta 22. juni 2016).
  3. 3,0 3,1 Wilkins, Jamie; Dunn, Robert (2006). 300 Astronomical Objects: A Visual Reference to the Universe. Buffalo, New York: Firefly Books. ISBN 978-1-55407-175-3. 
  4. Prostak, Sergio (11. januar 2013). «Universe’s Largest Structure Discovered». scinews.com. Henta 13. juni 2016. 
  5. Ridpath & Tirion 2001, s. 166-167.
  6. Jenniskens, Peter (September 2011). «Mapping Meteoroid Orbits: New Meteor Showers Discovered». Sky & Telescope: 24. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Løva


Koordinatar: Sky map 11h 00m 00s, +15° 00′ 00″