Løveape

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Løveape
Løveape
Løveape
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av løveape
Utbreiinga av løveape
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Primatar Primates
Infraorden: Simiiformes
Parvorden: Platyrrhini
Familie: Callitrichidae
Slekt: Leontopithecus
Art: Løveape L. rosalia
Vitskapleg namn
Leontopithecus rosalia

Løveape eller løvetamarin (Leontopithecus rosalia) er ein liten primat i silkeapefamilien, Callitrichidae. Arten er mellom anna i slekt med silkeapa.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Arten er den største i silkeapefamilien med ei kroppslengd på 34–40 cm og halelengd på 26–38 cm. Vekta er på 630-710 g. Pelsen er raudgul, og dei lange håra på issen, kinna og sidene av halsen kan reisast opp som ein man. Ulikt dei fleste apar har løveapa klør i staden for neglar. Hannar og hoer ser heilt like ut.

Føde og levevis[endre | endre wikiteksten]

Føda er frukt og grønsaker, men også insekt, edderkoppar og smådyr. Apa kan bli opptil 10-15 år gamal. Løveapa er endemisk for atlanterhavsskogen i Brasil. Ho lever høgt oppe i trekrunene, om lag 30 meter over bakken, eller meir.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Apa er truga av skoghogst; ein rekner med at berre 2 %–5 % av det opphavlege leveområdet deira er att.[1] I vill tilstand finst berre nokre hundre eksemplar att. Dei finst berre i tre små regnskogsområde i Søraust-Brasil: Poço das Antas Biological Reserve, Fazenda União biologiske reservat og private landområde knytt til eit reintroduksjonsprogram.[2]

Det finst rundt 490 individ i fangenskap i 150 ulike dyrehagar.[2][3][4] I Skandinavia finst arten mellom anna i Ålborg Zoo og Kristiansand Dyrepark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wildlife Trust, Durrel Concervation. «Golden lion tamarin | Durrell Wildlife Concervation Trust». Durrell Wildlife Conservation Trust. Arkivert frå originalen 6. september 2015. Henta 26. mars 2012. 
  2. 2,0 2,1 «Current status of golden lion tamarin». National Zoological Park. Arkivert frå originalen 24 August 2011. Henta 26 March 2012. 
  3. Kierulff, M.C.M.; Rylands, A.B. & de Oliveira, M.M. (2008). «Leontopithecus rosalia». The IUCN Red List of Threatened Species (IUCN) 2008: e.T11506A3287321. doi:10.2305/IUCN.UK.2008.RLTS.T11506A3287321.en. Henta 12 January 2018. 
  4. «PRESS RELEASE: New Census of Wild GLT Population - Recent News - Save the Golden Lion Tamarin». www.savetheliontamarin.org. Henta 10. april 2018. 
  • Bokmålswikipedia om løvetamarin.