Løypemaskin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Løypemaskin
Løypemaskin med frontskjer og bakmontert slede.

Løypemaskin, tråkkemaskin, eller løypeprepareringsmaskinar er eit beltekøyretøy som vert nytta for å jamna til og pakka saman snøen i skiløyper. Dei vert òg nytta til transport av varer og menneske.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Maskinane har breie gummibelte og er utstyrte med frontskjer og ein bakmontert slede med fleire skjer[1]. Maskinane jamnar snøen med frontskjeret og pakkar han saman med belta. Til slutt kjen den bakmonterte sleden som jamnar snøen og laga skispor. Sleden kan òg ha ein fres som grev opp snøen i overflateskiktet. At snøen vart pakka saman gjer at løypene vert meir haldbare.

Løypemaskinar har lågt tyngdepunkt, slik at dei kan nyttast i bratte skråningar. Dei breie belta gjer at maskinane kan ta seg fram i skråningar med opp til 45o stigning. Vekta varierer frå 5 til 12 tonn, så det krevst ein kraftig motor for å ta seg fram i djup snø og bratt lende. Dieselmotorar med effekt frå 120 til 460 hk er vanlege. Hydrostatisk transmisjon er vanleg og maskinane vert styrte ved å endra oljestraumen slik at han vert forskjellig på venstre og høgre side. Ved køyring i nedoverbakke vert motoren nytta som motorbrems. Farten kan regulerast trinnlaust frå null til rundt 20 km/t.

Maskinane kan utstyrast med ymse tilleggsutstyr, som vinsjar, kraner og ymse typar fresar.

Miljøpåverking[endre | endre wikiteksten]

At snøen vert pakka samman under løypene fører til at han tinar seinare om våren og telen vert djupare[2].

Produsentar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]