La, la, la

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«La, la, la»
Singel av Massiel
Land Spania
Språk Spansk
Utgjeve 1968
Låtskrivar(ar) Manuel de la Calva og Ramón Arcusa
«La, la, la»
Eurovision Song Contest 1968
Land Spania
Artist(ar) María de los Ángeles Felisa Santamaría Espinosa
Alias Massiel
Språk Spansk
Komponist(ar) Manuel de la Calva og Ramón Arcusa
Låtskrivar(ar) Manuel de la Calva og Ramón Arcusa
Resultat
Finalepoeng 29
Finaleplass 1
Spania i Eurovision Song Contest
«Hablemos del amor»
(1967)
«La, la, la» «Vivo cantando»
(1969)

«La, la, la» var det spanske bidraget i Eurovision Song Contest 1968, framførd på spansk av Massiel.

Eurovision Song Contest 1968[endre | endre wikiteksten]

I Eurovision Song Contest 1968 i London i Storbritannia starta songen som nummer fem i finalen, etter Irland med «Chance of a Lifetime» av Pat McGeegan og før Vest-Tyskland med «Ein Hoch der Liebe» av Wencke Myhre. Bidraget fekk seks poeng frå Vest-Tyskland, fire poeng frå Portugal, Monaco og Frankrike, tre poeng frå Finland og Italia, to poeng frå Austerrike og eitt poeng frå Luxembourg, Noreg og Irland. Spania fekk til saman 29 poeng og vann av totalt 17 bidrag.

Opphavleg skulle Joan Manuel Serrat framføre bidraget i Eurovision Song Contest, men kravet hans om å få syngje på katalansk var ein fornærming mot regimet til den spanske diktatoren Francisco Franco. Serrat vart dimed bytta ut med Massiel som framførde bidraget på spansk.[1]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Massiel gav ut songen på fire språk; spansk, italiensk, tysk og engelsk. Seinare covra den italienske songaren Mina songen i fjernsynsserien Canzonissima. Songen har òg vorte covra av den finske songaren Carola. Musikkgruppa Saint Etienne covra ein anna versjon av songen, gjeve ut på albumet A Song for Eurotrash med engelsk tekst som ikkje er lik originalen, som refererar til mannen ho dater i staden for dei tinga ho er takksam for. Den mestselde innspelinga nokonsinne var coverversjonen til den portugisiske songaren Amália Rodrigues, framførd på spansk. Den var òg sunge på tyrkisk av den tyrkiske songaren Alpay.

  • Spansk: La, la, la
  • Italiensk: La, la, la
  • Tysk: La, la, la
  • Engelsk: La, la, la (He Gives Me Love)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:Spania i Eurovision Song Contest 1968 Mal:Spanske songar i Eurovision Song Contest Mal:Songar i Eurovision Song Contest 1968