La Adelita


«La Adelita» er ein av kjend corrido eller ballade frå den meksikanske revolusjonen. Gjennom åra har han hatt mange former. Balladen var inspirert av Adela Velarde Pérez, ei kvinne frå Chihuahua som slutta seg til Maderista-rørsla i dei tidlege stadia av revolusjonen og blei forelska i Madero. Ho blei eit populært ikon og eit symbol for rolla til kvinner i den meksikanske revolusjonen. Adelita-figuren blei gradvis synonym med ordet soldadera, kvinner med militære støtteroller (og til tider som stridande), som blei ei viktig kraft i den revolusjonære innsatsen gjennom forsyning, spionasje og andre aktivitetar i kampane mot meksikanske føderale regjeringsstyrkar.[1]
Kvinner i den meksikanske revolusjonen
[endre | endre wikiteksten]Songen «La Adelita» skildrar dei modige kvinnene som kjempa og reiste med dei føderale styrkane og den revolusjonære hæren.[2] Songen talar om Adelita som einkvan som er vakker og eit ønskemål for mange av soldatane, men som òg har mot og får respekt.[2] Røyndommen var ikkje slik. La Adeilta er basert på ekte kvinner som følgde soldatane og soldaderas som kjempa og reiste side om side med mannlege soldatar.[2] Desse kvinnene varierte frå ungjenter til midelaldrande kvinner og var frå heile landet, inkludert, men ikkje avgrensa til, Oaxaca, Morelos, Tehuantepec, Sentral-Mexico og Sonora.[3] Ifølge nokre observatørar var desse kvinnene òg ofte av mestis- eller urfolksoppghav.[4] Det var mange grunnar til at desse kvinnene slutta seg til den meksikanske revolusjonen. Nokre blei med på grunn av den dålege økonomiske situasjonen i Mexico på den tida.[4] Dei fekk ikkje annan jobb, og blei med for å ta var på soldatane.[4] Kvinner blei òg tvinga til å gå inn i militæret då den meksikanske presidenten Victoriano Huerta auka kvoten for den ståaande hæren, noko som inkluderte å tvinga kvinner til å dra til fronten og arbeida som kokker.[4] I tillegg blei mange kvinner tvinga til å følgja med ektemennene sine når desse blei rekrutterte, eller blei soldatar frivillig.[2] Nokre kvinner bestemte seg for å følgja mennene sine som lojale koner.[3] Nokre kvinner hadde ikkje noko val, som Angela Jimenez, som femten år gammal opplevde at føderale styrkar ransaka huset hennar etter opprørarar og prøvde å tvinga seg på syster hennar, noko som resulterte i at ho døydde.[3] Jiménez blei rasande over denne opplevinga. Ho kledde seg som gut, nytta namnet «Angel» og drog til opprørarane ved fronten for å kjempa med far sin.[3]
Kvinner spelte fleire ulike roller medan dei var i militæret og arbeidde i militære leirar. Ei av dei hovudrollene til kvinner i den meksikanske revolusjonen var å laga tortilla.[4] Særleg zapatistar var sterkt avhengige av sambandet mellom militæret og landsbyane for å få mat.[4] Dette var avhengig av godviljen og engasjementet til kvinnene i landsbyane til å laga desse tortillaene for soldatane heile dagen og tillate dei å henta dei seinare.[4] Utan dette sambandet er det mogleg at soldatar ville ha svelta fordi det ikkje var oppretta noko matnettverk for å få mat til desse mennene.[4] Dette var likevel ikkje det einaste sambandet mellom zapatistar og kvinner. Zapatistar kunne kidnappa og valdta kvinner frå dei same landsbyane der dei fekk mat.[4] Andre militære fraksjonar, som orozquistas, hadde kvinner i leirfar som laga mat til soldatane i staden for å nytta landsbysystemet.[4] I tillegg til å laga mat til soldatane, kunne kvinner i militære leirer òg opptre som spionar, medisinske assistentar, sjukepleiarar, sendebod og smuglarar.[2] Særleg soldaderas kunne spionera i fiendtlege leirar, stela dokument og smugla våpen frå USA over grensa til Mexico.[4]
Sjølv om dei ofte blir rekna som same slaget, viser ikkje termane soldaderas og kvinnelege soldatar nødvendigvis til heilt det same. Soldaderas var vanlegvis kvinnene som sørga for soldatane. Dei laga mat for dei og verka som sjukepleiarar. Kvinnelege soldatar og soldaderas kom vanlegvis frå ulike typar bakgrunn. Kvinnelege soldatar i den meksikanske revolusjonen hadde vanlegvis høgare sosiale rang, medan seldaaderar generelt var frå fattigare urfolksbakgrunnar. Kvinnelege soldatar hadde òg ulike roller. Kvinner som kjempa saman med soldatane blei òg sende fpr å infiltrera soldaderaene i føderale leirer, bli vennar med dei og deretter stela viktige dokument. Sjølv om det av og til skjedde, var det sjeldan for ein soldadera å bli kvinneleg soldat.[4]
Kvinner etter krigen
[endre | endre wikiteksten]Etter den meksikanske revolusjonen hadde kvinnene som hadde arbeidd i krigen ulike opplevingar. Mange soldaaders drog tilbake til heimstaden og kvardagslivet med mennene sine, om dei var i live.[4] Andre, som Amelio (Amelia) Robles, heldt fram med å leva som ein mann etter at krigen var over. Andre flytta til Mexico by, som Garcia Magallanes og Palancares, for å fortsette eventyrlege liv.[3] Nokre kvinnelege soldatar fekk statlege veteranpensjonar etter krigen. Mange fekk likevel ikkje pensjon, til trass for mange bøner til dei meksikanske styresmaktene.[4] Då Garcia Magallanes prøvde å få pensjon for gjerningane sine i militæret, blei ho spotta.[3] På grunn av dei strenge kjønnsrollene og verdiane i det meksikanske samfunnet, blei nokre av dei kvinnelege fridomskjemparane ikkje aksepterte då dei vende tilbake til heimane sine.[4] Folk kjende ubehage over at kvinner hadde kjempa i krigen, og ville ikkje anerkjenna at det hadde skjedd.[4] Nokre kvinner som ikkje følgde seg velkomne i Mexico, utvandra til California i USA.[3] Kvinner som Villasana Lopez og Angela Jimenez forlet Mexico før revolusjonen var over i eit forsøk på å rømma frå valden ved slutten av revolusjonen.[3] Så mange kvinner immigrerte at Angela Jimenez skipa La Organización de Veteranos de la Revolución de 1910-1920.[3][4]
Tekst
[endre | endre wikiteksten]| Spansk:[2][5]
En lo alto de la abrupta serranía |
Engelsk:
On the heights of a steep mountain range |
|
Popular entre la tropa era Adelita |
Popular among the troop was Adelita, |
|
Y se oía, que decía, aquel que tanto la quería: |
And it was heard that the one who loved her so much said:
If Adelita were to leave with another man, |
|
Y si Adelita quisiera ser mi esposa |
If Adelita would like to be my wife, |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Arrizón, Alicia (1998). «Soldaderas and the Staging of the Mexican Revolution». The Drama Review (MIT Press) 42 (1): 90–112. doi:10.1162/105420498760308698.
- 1 2 3 4 5 6 De La Parra, Regina. «The Unrecognized Soldier of the Mexican Revolution: Petra Herrera and the Adelitas». StMUScholars.org. StMU Research Scholars, St. Mary's University. Henta 1. mars 2023.
- 1 2 3 4 5 6 7 8 9 Salas, Elizabeth (1990). Soldaderas in the Mexican Military: Myth and History. University of Texas Press. s. 67–81. ISBN 978-0-292-75708-0.
- 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 Reséndez Fuentes, Andres (April 1995). «Battleground Women: Soldadera and Female Soldiers in the Mexican Revolution». The Americas 51 (4): 525–553. JSTOR 1007679. doi:10.2307/1007679.
- ↑ Alberto, José. «La Adelita – Amparo Ochoa (Revolución Mexicana)». Henta 6. mars 2023.
- Denne artikkelen bygger på «La Adelita» frå Wikipedia på engelsk, den 30. juni 2025.