La Brabançonne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Partitur til La Brabançonne frå ikring 1910.
Faksimile av eit eksemplar av fyrste versjonen av La Brabançonne med Jennnevals skrift og signatur.

La Brabançonne (fransk for «Songen om Brabant») er namnet på nasjonalsongen i Belgia. Då Belgia er trespråkleg, ligg teksten føre i tre offisielle versjonar, på fransk, på nederlandsk (De Brabançonne) og på tysk (Das Lied von Brabant), der den nederlandske og tyske versjonen er gjendiktingar av den franske teksten, skrive i 1860 av Charles Rogier (1800-1885). Han var ein belgiske politikar, fødd i den franske byen Saint-Quentin av belgiske foreldre, og ein av leiarane under den belgiske revolusjonen (oppreisten) i 1830, som tok til i Bruxelles (Brussel) og endte i at Belgia vart ein eigen stat uavhengig av det sameinte nederlandske kongedømet. Berre eit av versa i songen han skreiv er den offisielle nasjonalsongen.

Den belgiske operasongaren og musikaren François Van Campenhout (1779-1848) har stått for melodien. Ein opphavleg tekst, som gjekk ut or bruk etter at Charles Rogier kom med sin versjon, er skrive av den franske skodespelaren Hypolite Louis Alexandre Dechet (1801-1830), som gjekk under namnet Jenneval, og vart drepen under kampar i nærleiken av Lierre under den belgiske revolusjonen i 1830. Songen hans, som fyrst hadde tittelen la Bruxelloise, seinare la Brabançonne, skal ifølgje mytane ha vorte skrive under eit møte på kafeen L'Aigle d'Or («Gullørna») og sunge for fyrste gong i september 1830.

Den franske originalen av verset som er Belgias nasjonalsong[endre | endre wikiteksten]

Verset vert innleia av ei patriotisk hylling av landet som den kjære, vakre, ærerike, uovervinnelege og uoppdelelige mora for folket, verd å gje sitt blod for, og vert avslutta med at det udødelege mottoet for landet skal vere «le Roi, la Loi, la Liberté !», som tydar «kongen, lova og fridomen». Dette mottoet synar til at landet skal vere eit konstitusjonelt monarki, såleis at makta til kongen skal vere avgrensa til det som lova fastsett i samsvar med den fridomen folket skal ha. Versjonane på nederlandsk og tysk går i same sporet, men med dei ulikskapane som tvinger seg fram når vers med rim og rytme på eit anna språk skal kunne syngjast til den same melodien.

Noble Belgique, ô mère chérie,
A toi nos coeurs, à toi nos bras,
A toi notre sang, ô Patrie !
Nous le jurons tous, tu vivras !
Tu vivras toujours grande et belle
Et ton invincible unité
Aura pour devise immortelle :
le Roi, la Loi, la Liberté !
le Roi, la Loi, la Liberté !
le Roi, la Loi, la Liberté !