La Dorada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
La Dorada
Tinghuset
Tinghuset
Styresmakter
Land
Region
Departement
Colombia
Andes
Caldas
Geografi
Flatevidd
 - By

574 km2 km²
Innbyggjarar
 - By (2016)
   - folketettleik

77 355
  135/km²
Koordinatar 5°27′13,82″N 74°39′52,83″WKoordinatar: 5°27′13,82″N 74°39′52,83″W
Høgd over havet 176 m
Tidssone CET (UTC-5)
Diverse anna
Heimeside: http://www.ladorada-caldas.gov.co/

La Dorada er ein by og ein kommune i lengst aust i Caldas-departementet i Colombia. Byen ligg mot Magdalenaelva. Kommunen har 77 355 innbyggjarar, kor 69 504 i sjølve byen. (2016). La Dorada er sete for bispedømmet La Dorada-Guaduas.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historia om La Dorada er nært knytt til bygginga av jernbanen mellom Honda og Yeguas. Utbygging av området som gav grunnlag for byen byrja i 1888 då jernbanen vart ført inn i området. La Dorada fekk kommunestatus i 1923.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

La Dorada ligg ved vestbreidda av Magdalenaelva og elva dannar departementsgrense i vest mot Cundinamarca-departementet. Byen ligg 168 km vest for hovudstaden i departementet, Manizales. Den årlege gjennomsnittstemperaturen er 28 °C.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Den viktigaste næringa i La Dorada er storfedrift. I tillegg kjem anna landbruk, gullgraving, handel og fiskeri. Næringslivet er avgrensa til små og mellomstore føretak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: La Dorada