La Serena
| La Serena | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 53,65 km² | ||
| Folketal | 195 382 (2017)[1] | ||
![]() La Serena 29°54′10″S 71°15′07″W / 29.9027°S 71.252°W | |||
| Wikimedia Commons: La Serena, Chile | |||
La Serena er ein kommune og hamneby i Chile. Han er hovudstad i Coquimbo-regionen og hadde eit innbyggjartal på 198 163 i 2012. La Serena har vokse saman med nabobyen Coquimbo, og dette byområdet som strekk seg over nærom 1900 km², er det fjerde største i landet med kring 300 000 innbyggjarar. Byområdet er eit av dei raskast veksande i landet og hadde ein befolkningstilvekst på 32,6 % i perioden 1992-2002.[2] Heile kommunen har kring 400 000 innbyggjarar.

La Serena blei grunnlagd i 1544 på ordre av den spanske conquistadoren Pedro de Valdivia og er dermed den nest eldste byen i landet etter hovudstaden Santiago. Han ligg omtrent midtvegs mellom Santiago og Lima i Peru, og blei opphavleg brukt som rasteplass for spanske troppar på veg mellom desse to byar. Byen er blitt brunnen ned fleire gongar av urfolk og piratar. I 1730 blei store delar jamna med jorda av eit jordskjelv.
Byen er eit viktig turistmål, særleg i sommarperioden då mange vitjar strendene her. La Serena Universitet ligg i byen som også er heimstad for eit av dei fem katolske erkebispedøma i landet. I byen ligg det også kontor for Det europeiske sørobservatoriet, som driv La Silla-observatoriet om lag 150 km nordaust for La Serena, og for Carnegie Institution for Science, som driv Las Campanas-observatoriet om lag 100 km nordaust for byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://geoarchivos.ine.cl/File/pub/Cd_Pb_Al_Cs_2019.pdf; vitjingsdato: 12. januar 2021.
- ↑ «Mapa Interactivo» (på spansk). Institudo Nacional de Estadísticas. Henta 15. mai 2015.
- Denne artikkelen bygger på «La Serena» frå Wikipedia på dansk, den 30. mars 2026.
