La ciudad y lós perros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

La ciudad y los perros er den første romanen av den peruanske forfattaren Mario Vargas Llosa. Han kom ut på spansk i 1962, og Vargas Llosa vart heidra med prisane 'Premio Biblioteca Breve' og 'Premio de la Critics' for romanen. Frå byrjinga gav forfattaren boka tittelen La morada del héroe. Handlinga føregår på krigsskolen Colegio Militar Leoncio Prado i Callao ved Lima i Peru. Den peruanske regissøren Francisco Lombardi har laga ein film av romanen.

Kontekst og innverknad[endre | endre wikiteksten]

Vargas Llosa skildrar skolen som eit peruansk mikrokosmos. Studentane var gutar frå alle sosiale klassar, det var gutar frå overklassen, sende dit for å bli tatt opp, gutar frå middelklassen som aspirerte til ein militær karriere. Takka vere ei stipendordning var der dessutan gutar frå lågare sosiale klassar. Vargas Llosa studerte i to år ved skolen. Den militære disiplinen og kjensla av å vere innestengt gjorde at han fann opphaldet uuthaldeleg, der var dessutan mobbing og brutalitet. Men han ser sidene av peruanske samfunnet som han som busett i Miraflores elles ikkje ville hatt høve til å møte, og det gav han stoff til denne vellykka romanen.[1]

Romanen fekk stor innverknad, sidan det var den første romanen i ei rekkje av moderne peruanske forteljingar. Saman med andre verk av ulike forfattarar frå Latin-Amerika, var dette byrjinga på den såkalla latinamerikanske oppblomstringa. Boka har vore utgjeve i fleire utgåver, og har blitt omsett til eit titals språk.

Handlinga[endre | endre wikiteksten]

Historia går føre seg i ein militær skole i Callao i Peru, der internatborna får utdanninga si og militær disiplin, og blir tvinga til å underordne seg regelverket til skolen. Boka fortel ulike historier om unge gutar som lærer å leve med ein merkeleg livsstil som ikkje tillèt dei å utvikle seg som menneske, og om deira undertrykking og audmjuking. Det hindrar ikkje at nokre av gutane finn den naudsynte styrken i dette systemet til å møte desse utfordringane.

Vargas Llosa kritiserer livsstilen og den militære kulturen i denne internatskolen, der nokre eigenskapar som aggressivitet, mot, maskulinitet, seksualitet og så bortetter er verdsette, men som øydelegg den personlege utviklinga. Ein overflod av menneske med ulike livhistorier som kryssar kvarandre, vev saman historia i boka. Det sentrale poenget er tjuveri av eksamensoppgåver, som er utført av ein kadett med kallenamnet «Slaven», og som seinare døydde truleg årsaka av inngrep frå ein annan kadett kalla «Jaguar». Ein tredje kadett, «Poeten», prøver, men mislykkast i å melde «Jaguar» for lovbrotet. Alle desse hendingane handterar kadettane mellom seg sjølve og alle vert konfrontert med skolestyresmaktene, som òg er offiserar. Epilogen til romanen skildrar kva skolen har tydt for dei involverte: ein mellomstasjon som har danna eller deformert dei, til å integrere dei i det sivile samfunnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Vargas Llosa 2006, artikkel om Leoncio Prado, side 230.