La finta semplice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
La finta semplice
K. 174
Opera av Wolfgang Amadeus Mozart
SjangerOpera
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1769
Urframføring1. mai 1769
Typisk lengd154:34
Satsar/akter27 (3 akter)
Libretto avMarco Coltellini

La finta semplice (Den falske dusten), K. 51 (46a) er ein opera buffa i tre akter for solistar og orkester, komponert i 1769 av den då 12 år gamle Wolfgang Amadeus Mozart til ein italiensk libretto av hoffdiktaren Marco Coltellini basert på eit tidlegare verk av Carlo Goldoni. Det vart framført på slottet til erkebiskopen av Salzburg 1. mai 1769.

Mozart komponerte musikken basert på ein komedie starta av Philippe Destouches med La fausse Agnès, ou le Poète campagnard (1734).

Operaen var eit slags tilbakeslag for Mozart, som elles i barndommen hadde hatt mykje suksess og var rekna som ei stjerne. Verket vart starta då keisar Josef II sa til far til Mozart, Leopold, då dei vitja hovudstaden Wien, at Wolfgang burde skrive ein opera for det keisarlege operaselskapet. Leopold tok oppfordringa som ei konkret bestilling og fekk Wolfgang til å setje i gang utan å ha ein kontrakt først. Då operaen var ferdig mislikte visstnok aktørane operaen,[1] og forskjellige intriger gjorde til slutt at han ikkje vart sett opp i Wien. Leopold var sint og skreiv eit langt protestbrev til keisaren.[2] Keisaren bestilte ei undersøking, men resultatet vart at operaen ikkje skulle setjast opp.[3]

Operaen vart sett opp i heimebyen deira, Salzburg, i staden.

Episoden i Wien vart etter kvart ganske øydeleggande for karrieren til Wolfgang. Under vitjinga i Wien vart mor til Josef II, keisarinne Marie Theresa, særs fiendtleg innstilt for Mozartfamilien. Keisaren var ein viktig slektning til mange monarkar og aristokratar som kunne ha gjeve Wolfgang ei permanent stilling.

Roller[endre | endre wikiteksten]

Rolle Stemme Premierebesetning, 1. mai 1769 Planlagt besetning, 1768 (Wien)
Fracasso, ein ungarsk kaptein
budde med Cassandro
tenor Joseph Meissner Filippo Laschi
Rosina, syster hans, ei baronesse sopran Marie Magdalena Haydn
Cassandro, ein tyrannisk kvinnehatar bass Joseph Hornung Francesco Carattoli
Polidoro, den nervøse bror hans tenor Anton Franz Spitzeder
Giacinta, syster deira mezzo-sopran Marie Anna Braunhofer
Simone, ordonnansen til Fracasso,
forelska i Ninetta
bass Felix Winter
Ninetta, hushjelpa til Giacinta sopran Marie Anna Fesemayer Antonia Bernasconi

Ariaer[endre | endre wikiteksten]

Akt 1

  • "Chi mi vuol bene" – Ninetta
  • "Colla bocca e non col core" – Rosina
  • "Cosa ha mai la donna indosso" – Polidoro
  • "Ella vuole ed io torrei" – Cassandro
  • "Guarda la donna in viso" – Fracasso
  • "Non c'è al mondo" – Cassandro
  • "Marito io vorrei" – Giacinta
  • "Senti l'eco ove t'aggiri" – Rosina
  • "Troppa briga a prender moglie" – Simone

Akt 2

  • "Con certe persone" – Simone

  • "Ho sentito a dir di tutte" – Rosina
  • "In voi belle è leggiadria" – Fracasso
  • "Sposa cara" – Polidoro
  • "Ubriaco non son io" – Cassandro
  • "Un marito, donne care" – Ninetta
  • "Se a maritarmi arrivo" – Giacinta
  • "Amoretti che ascosi" – Rosina

Akt 3

  • "Che scompiglio" – Giacinta
  • "Nelle guerre d'amore" – Fracasso
  • "Sono in amore" – Ninetta
  • "Vieni, vieni, o mia Ninetta" – Simone

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «La finta semplice» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2012.
  • Deutsch, Otto Erich, Mozart: A Documentary Biography. Stanford, CA: Stanford University Press, 1965
  • Melograni, Pietro, (Trans. Lydia G. Cochrane), Wolfgang Amadeus Mozart: a Biography. Chicago: University of Chicago Press, 2007 ISBN 0226519562, 9780226519562
  • Solomon, mainard, Mozart: A Life, 2005
  1. This is the view taken by Solomon (1995, p. ?).
  2. The letter is reprinted in English translation in Deutsch (1965, pp. 80–83).
  3. Melograni (2007, p. 28)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]