Labirintovyjeøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Labyrintovyjeøyane i Pjasinabukta.
Plasseringa til Labyrintovyjeøyane i Karahavet.

Labirintovyjeøyane (russisk Лабиринтовые острова; Labirintovyje Ostrova) er ei gruppe med flate øyar i Pjasinobukta i Karahavet i Russland. Dei ligg ved munningen av elva Pjasina ved 73° 50' N og 86° 45' E.

Øyane dannar ei kompakt gruppe og har oppstått frå elvesediment. Rogozyna er den største og sørlegaste av øyane og er 15 km lang. Andre øyar er Tsjajek og Bolsjoj Labyrintovy. Alle øyane er myrlendte og dekte av tundravegetasjon og innsjøar.

Det omliggande havet er dekt av pakkis med noko poljnia om vinteren og sjølv om sommaren er det mykje isflak i havet.

Klimaet er arktisk med lange bitre vintrar og ein kort varmare periode der isen så vist får tid til å smelte før det frys på att.

Øyane høyrer til Krasnojarsk kraj og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet. Det er mykje akvatisk liv i myrene, særleg fulgeliv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 4. august 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Plassering
      • Dibner VD, Zakharov V.V. Острова Карского моря. Karahavet Islands. // Острова Советской Арктики. / / Soviet Arctic Islands. Геология СССР, т. XXVI. Geology of the USSR, so XXVI. М., Недра, 1970, с. M., Nedra, 1970, s. 196-207.
      • Naturreservat
      • Radiokontakt

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 74°16′N 85°32′E