Labrador retriever
Labrador retriever (FCI #122) er ein av seks slags retrieverar og tilhøyrer gruppa av apporterande hundar, også kalla gruppe 8 av FCI og NKK. Rasen blei opphavleg avla fram for å hjelpa ståande fuglehundar med gode apport- og symjedugleik. Han er ein av dei mest populære hundane i verda.
Opphav og utbreiing
[endre | endre wikiteksten]
Hunderasen har opphavet sitt frå Newfoundland i Canada. Han fekk likevel den endelege utforminga si på byrjinga av 1900-talet, etter at han var komen til Storbritannia. Britane kryssa også inn andre rasar. Truleg stammar labradoren også frå såkalla St. John's-hundar, som ein gong levde på Newfoundland.
Rasen blei godkjend av The Kennel Club i 1903, og den fyrste raseklubben, British Labrador Club, blei stifta i 1916. Det var fyrst etter andre verdskrigen at nordmenn fatta særleg interesse for rasen. I dag er han ein av dei mest populære hunderasane i Noreg.[1] I 2024 var han den mest populære rasen blant hundar registrerte av Norsk Kennelklubb.[2]
Utsjånad, anatomi og fysikk
[endre | endre wikiteksten]
Labrador retriever har ein kraftig og muskuløs rektangulær kropp med brei rygg. Han er ein stor og svært energisk hunderase. Skallen er høvesvis brei, øyrene er hengande og forholdsvis breitt tilsette, og halen er kraftig ved rota og middels lang. Pelsen skal vera kort og tett og utan krøllar, og ghev saman med underulla vassavstøytande løysing. Pelsfargen er einsfarga svart, lever-/sjokoladebrun eller gul. Gulfargen kan variera frå kremfarga til nærast reveraud. Ein liten kvit flekk på brystet er tillaten.
Hannane blir gjerne 56–57 cm i skulderhøgd, medan tispene blir 54–56 cm høge. Vekta varierer gjerne frå ca. 20–45 kg, avhengig av kjønn og type.
Bruksområde
[endre | endre wikiteksten]Labradoren er ein svært allsidig hunderase, som er blitt svært populær på grunn av det vennlege og stødige vesenet sitt. Han er ein glimrande familiehund, men er også ein svært attraktiv brukshund. Rasen blir mykje nytta som førarhund for blinde og svaksynte, hjelpehund og terapihund.
Labradoren har ein svært godt utvikla luktesans. Rasen blir derfor ofte nytta som tenestehund, til dømes som narkotikahund og ettersøkshund.
Det finst framleis linjer av labrador retriever som blir avla primært med tanke på jakt eller andre brukseigenskapar. Denne varianten blir føretrekt i mange tilfelle som brukshund. Jaktlabradorar er gjerne fysisk litt mindre og slankare enn dei hundane ein vanlegvis knyter til denne hunderasen, i nokre tilfelle i så stor grad at dei fell utanfor rasestandarden. Labradorar frå jaktlinjer er gjerne enklare å trena enn vanleg labrador, då dei er meir vende mot føraren sin. Dei har også større krav til mental aktivisering, og eignar seg ikkje spesielt godt som ein utelukkande familiehund utan arbeid.[3]
Helse
[endre | endre wikiteksten]Rasen er gjerne svært glad i vatn og blir ofte dyktige symjarar.
Rasen er arveleg disponert for hofteleddsdysplasi (HD) og albuleddsartrose (AA). Augesjukdommar, våteksem og overvekt er andre helseplager som kan ramma labradoren.[3] Rasen lever gjennomsnittleg 12 år, men leverfarga labradorar lever mykje kortare enn dei andre fargane.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Pedersen, Elise (11. april 2023), «Blir ringt ned av folk som vil omplassera Border colliane sine», NRK, henta 30. desember 2023
- ↑ NRK (24. januar 2025), «Tronskifte blant Norges mest populære hunder», NRK (på norsk bokmål), henta 24. januar 2025
- ↑ 3,0 3,1 Nicklas (3. juni 2021). «Raseprofil: Labrador retriever». Dyreliv.no (på norsk bokmål). Henta 4. juni 2021.
- ↑ McGreevy, Paul D.; Wilson, Bethany J.; Mansfield, Caroline S.; Brodbelt, Dave C.; Church, David B.; Dhand, Navneet; Soares Magalhães, Ricardo J.; O’Neill, Dan G. (22. oktober 2018). «Labrador retrievers under primary veterinary care in the UK: demography, mortality and disorders». Canine Genetics and Epidemiology 5: 8. ISSN 2052-6687. PMC 6196571. PMID 30377534. doi:10.1186/s40575-018-0064-x. Henta 4. juni 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Labrador retriever» frå Wikipedia på bokmål, den 23. januar 2025.