Lac d'Emosson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lac d'Émosson
innsjø
none
Område Valais
Utløp Barberine
Høgd over havet 1930 moh moh
Volum 227 mill, m³ km³
Nedslagsfelt 34 91 km² km²
Areal 3 27 km² km²
Wikimedia Commons: Lac d'Emosson

Lac d'Émosson er eit reservoar i kantonen Valais i Sveits. Han ligg i kommunane Salvan og Finhaut. den næraste større byen i Sveits er Martigny. Innsjøen har eit overflateareal på 3.27 km² og ligg 1930 moh. På det djupaste er innsjøen 161 m.

Den første demninga i Emosson (òg kalla Barberine-demninga) vart bygd i 1925. Den noverande demninga med ei høgd på 180 meter stod ferdig i 1974 og sette den gamle demninga under vatn. Det auka volumet i reservoaret frå 40 mill. m³ til 227 mill. m³. Den gamle demninga kan ein framleis sjå når vassnivået er særs lågt.

Det vert nytta kabelvogn for å kome seg opp til demninga. Det er den brattaste taubanen for to kabinar i verda med ein gradient på 87 %[1][2].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]