Lacul Vulturilor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lacul Vulturilor
innsjø
Land  Romania
Innsjøtype Bresjø
Høgd over havet 1420 moh.
Areal 0,009 km²
Største djupn 2,5 m
Koordinatar 45°30′31″N 26°8′8″EKoordinatar: 45°30′31″N 26°8′8″E
Byar Siriu
Kart
Lacul Vulturilor
45°30′31″ N 26°8′8″ E

Lacul Vulturilor (rumensk for «Ørnesjøen», òg kalla Lacul Fără Fund, Den botnlause innsjøen) er ein bresjø i Buzăufjella sørvest i Karpatane i Romania. Han ligg i ei høgd på 1420 meter over havet, og den næraste byen er Siriu.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem frå ei segn skriven ned av Alexandru Vlahuță i verket hans România pitorească. Segna fortel at om våren kjem ørner til innsjøen for å lære ungane sine å fly, og at ved å drikke vatnet i innsjøen vert ørnene yngre.

Innsjøen vert òg kalla Den botnlause innsjøen sjølv om han ikkje er djupare enn 2,5 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]