Lada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lada
Logo de Lada.svg
Lada company logo image.png
Skipa1966
EigarVAZ Sjå dette på Wikidata
Bransjemaskinteknikk
HovudkontorToljatti, Russland Sjå dette på Wikidata
AUTOVAZ

Lada (russisk skrift Лaдa) er eit russisk (opphavleg sovjetisk) bilmerke produsert av AUTOVAZ (òg kjent som VAZ: Volzhsky Automobilny Zavod/ВАЗ: Во́лжский автомоби́льный заво́д). Lada var til å byrje med berre bruka i eksportsamanheng, medan merket Zhiguli stod for den same bilen i heimemarknaden. På 1980-talet blei namnet Lada òg innført i Russland. Hovudkvarteret til Lada ligg i Togliatti i Samara oblast.

Den svært rimelege «klassiske Ladaen», kjend som mellom anna Zhiguli, Lada Riva og Lada Classic blei selt i store mengder i Vest-Europa, men seinare modellar klarte ikkje å bli like populære. Nye avgifts- og avgassreglar sette ein endeleg stoppar for Lada-importen i dei fleste vest-europeiske land på midten av nittitalet.

Lada Niva er òg ein populær modell med firehjulstrekk og høg bakkeklaring. I dei seinare åra har Lada samarbeidt med General Motors, og Chevrolet har laga ein eigen versjon av Nivaen, Chevrolet Niva.

Modellar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]