Hopp til innhald

Ladbyskibet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ladbyskipet

Ladbyskibet er eit vikingskip lagt i ein gravhaug på ei eng ved Ladby, ved kysten av Kerteminde fjordFyn i Danmark. Grava blei laga kring 925.[1] Det er ikkje kjent kven som blei gravlagd i haugen. Skipet blei funne i 1935 og er den einaste bevarte skipsgrava frå vikingtida som er funnen i Danmark. Heile utstillinga rundt skipet ved Vikingemuseet Ladby er bygd slik at det ligg i den opphavlege gravhaugen.

Ladbyhaugen var opphavleg noko høgare enn han er i dag, men pløying har jamna han ut ein heil del. Hausten 1934 støtta gardbrukaren Erik Eriksen på store steinar i nordenden av haugen. Han tilkalla amatørarkeolog Poul Helweg Mikkelsen, som starta utgravinga. Då ein fann dei fyrste klinknaglane overtok Nationalmuseet utgravinga. Undersøkinga blei avslutta i 1936. Nær Ladbyhaugen ligg museumsbygningen i ein gammal strådekka bindingsverksbygning. På museet er det ei utstilling om funn frå vikingtida i området. Aust og søraust for Ladbyhaugen finst alminnelege gravfelt med inntil vidare 11 utgravne graver frå vikingtida.

Ladbyhaugen

I midten av haugen låg skipet, med stamnen peikande mot sør. Sjølve eiketrekonstruksjonen på skipet er nesten borte, men avtrykket i jorda av forma på skipet og klinkbygginga er svært tydeleg. Dei gjenverande ca. 2000 klinknaglane av jern understrekar forma. Kjølplanken i botnen på skipet var T-forma og gjorde skipet i stand til å føra segl. Seglet, truleg eit råsegl, har vore ca. 60 m² stort, men det er ikkje bevart. Skipet er ca. 22 m langt og breidda ved midten er ca. 3 m. I skipet fanst 17 spant, dermed var det 16 årepar, og plass til 30–32 roarar.[1] Skipet var ca. 1 m høgt midtskips og hadde ein djupgang på ca. 50 cm. Forholdet 7:1 mellom lengd og breidd viser at Ladbyskipet var eit hurtig og svært manøvrerbart skip. Toppfarten for skipet var ved roing ca. 4–5 knop, under segl kunne det oppnå ein fart på ca. 9 knop. Som alle kjende vikingskip kunne Ladbyskipet kryssa vinden.

Restane av drakehovudet i stamnen.
Ankeret til Ladbyskipet.

Stamnen var ein trappetrinnsstamn, der ei stor treblokk var utskoren så ho passa til klinkbygginga til bordplankane. Forstamnen var forma som eit drake- eller hestehovud. Sjølve hovudet er gått tapt, men noko av manken til draken er att som ei rekkje tettsitjande fine jernspiralar. Bakstamnen var forma som ein krum drakehale, som også er gått tapt. I skipet kan ein framleis sjå eit stokkanker, som ligg i forstamnen. Ankeret vog opphavleg ca. 20 kilo og var utstyrt med ein kjedeforløpar av jern.

I forstamnen blei det funne eit forgylt bronsesamlestykke for lêrreimar. Det var restane av hundeseletøy, og dyreornamenteringa i jellingstil på metallet var ein viktig detalj i dateringa av gravlegginga. Denne er truleg frå mellom år 900 og år 950. I skipssida på babord side var det ei treplate på ca. 45x60 cm, som var måla med geometriske mønster. Fargane er falma, men ein kan framleis sjå restane av plata som ein mørk flekk. I skipet låg også fleire sett seletøy til hestar, med beisel, stigbøylar, sporar og spenner.

Det blei også funne eit gravkammer og kanskje også ei seng. Gravkammeret var bygd i tre mellom akterstamnen og masta, på staden skipet opphavleg blei styrt frå. Heile skipet hadde deretter blitt overdekt av ein trekonstruksjon.

Grava har blitt plyndra, men ein har funne restar av ein fin bysantisk silketunika og restar av pels og fjør. Dette er kanskje restane av sengetøy. Ved gravkammeret blei det funne omkring 600 restar av ulike småting, som vitnar om ei fornem gravferd. Det er mellom anna funne ei beltespenne, ein sølvtallerken, eit bronsefat, eit spelebrett og eit trespann.

Utanfor relinga blei det funne 45 pilspissar, med restar av pilskafta. Ein fann også ein skjoldbule i skipet. Utover dette blei det ikkje funne nokre våpen. Det er grunn til å tru at dei fleste våpna er blitt fjerna i samband med gravplyndringa.

Den døde blei følgd i grava av 11 hestar, som i kroppsbygging minner om nordbakker frå nyare tid, med eit stongmål på rundt 1,25 meter. I tillegg til hestane var det også minst 4 hundar med. Skjeletta av dyra kan ein enno sjå i botnen av skipet. Skipet var blitt slept opp på land, og over skipet og gravkammeret blei det lagt grastorv, som dermed danna Ladbyhaugen.

Rekonstruksjon

[endre | endre wikiteksten]

I 2011 var Vikingeskibsmuseet i Roskilde konsulentar då det blei byrja ein rekonstruksjon av skipet.[2] Denne blei sjøsett laurdag 14. mai 2016 med nesten 2 000 folk til stades.[3]

  1. 1,0 1,1 «Skibsgraven», Oplevelser på Vikingemuseet Ladby (på dansk), henta 20. februar 2025 
  2. Skibsbyggeri Arkivert 9. april 2016 på Wayback Machine.. Vikingemuseet Ladby. Henta 18. mars 2014
  3. Endelig i vandet: Så kom Ladbyskibet ud på sin jomfrusejlads. Fyns Stiftstidende. Henta 22. mai 2016
  • Denne artikkelen bygger på «Ladbyskibet» frå Wikipedia på bokmål, den 20. februar 2025.
  • Brosjyre fra «Ladbyskibsmuseet»: Ladbyskibet – en skibsbegravelse fra vikingetiden. Krogager 2003
  • Povl Engelstoft: Hagerups konversationsleksikon. 1952 Bind 6, side 487

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ladbyskibet