Lade gård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 63°26′48″N 10°26′29″E

Lade gård, rundt 1910–15. Bilete frå Trondheim byarkiv
Lade gård teikna av Johannes Finne Rosenvinge i 1819.

Lade gård var i vikingtida sete for Ladejarlene (eigentleg Jarlane av Strinda) og var eit viktig maktsentrum i Noreg. Garden er særleg knytt til rikssamlinga der Håkon Grjotgardsson Ladejarl var sentral i å stabilisere Harald Hårfagre som konge av Noreg. Etter at den siste Ladejarlen Håkon Eiriksson, som òg var riksstyrar, omkom i 1029 eller 1030, mista garden sin nasjonale betydning, men var likevel ein rik og viktig gard lokalt. Etter at kristendommen vart innført vart garden lagt under kyrkja og etterkvart som klostergods for Bakke kloster. Garden vart krongods etter reformasjonen og på slutten av 1500-talet ser han ut til å ha komme i privat eige.

Bygningar[endre | endre wikiteksten]

Dagens bygningar er for det meste oppført i 1810/11 da garden var eigd av den trondheimske grosserarfamilien Meinecke. Dei er oppførte i empirestil og er saman med den restaurerte hagen det mest komplette og bevarte empireanlegget i Noreg.

Undervisningslokale[endre | endre wikiteksten]

I perioden 1922 til 1960 heldt Noregs lærarhøgskole til i lokala. Frå 1964 til 1994 vart lokala nytta av Sosialhøgskolen i Trondheim.

Eigarar[endre | endre wikiteksten]

Trondheim kommune kjøpte garden i 1917. Reitangruppen kjøpte garden i 1992 og har gitt den namnet Lade Gaard.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]