Ladeluftkjølar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eintrinns (venstre) og totrins (høgre) ladeluftkjølarar.

Ladeluftkjølar er ein varmevekslar plassert på innsugningsmanifolden til stempelmotorar med innvendig forbrenning, for å redusera temperaturen på innsugingslufta. Etter som volumet på lufta er proporsjonal med temperaturen oppnår ein å få ein større luftmasse, og difor ein større oksygenmasse inn i sylindrane ved å senka temperaturen på ladelufta. Ladeluftkjølar vert fyrst og fremst på motorar med turboladarar, etter som turbolading aukar temperaturen.