Ladies of the Canyon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ladies of the Canyon
Studioalbum av Joni Mitchell
Utgjeve April 1970
Innspelt 1969–1970
Studio A&M, Los Angeles
Sjanger
Lengd 44:33
Selskap
Produsent Joni Mitchell
Joni Mitchell-kronologi
Clouds
(1969)
Ladies of the Canyon Blue
(1971)


Singlar frå Ladies of the Canyon
  1. «Big Yellow Taxi»
    Utgjeve: Juli 1970
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[3]
Christgau's Record GuideA–[4]
MusicHound Rock4/5[5]
Music Story4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[6]
Pitchfork7.8/10[7]
Rolling Stone(ikkje vurdert)[8]
The Rolling Stone Album Guide4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[9]
Virgin Encyclopedia of Popular Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[6]

Ladies of the Canyon er det tredje studioalbumet til den kanadiske visesongaren Joni Mitchell, gjeve ut på Reprise Records i 1970. Det nådde 27. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista og selde til platinaplate i USA.[10][11] Tittelen er ein referanse til Laurel Canyon, eit musikksenter i Los Angeles i 1960-åra. Albumet inneheld fleire av dei mest kjende songane til Mitchell, som «Big Yellow Taxi», «Woodstock» og «The Circle Game».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mitchell utvida det kunstnariske synet sitt og songane har meir varierte tema (frå estetisk syn på kjendislivet, til ein observasjon av Woodstock-generasjonen til det kompliserte kjærleikslivet). Ladies of the Canyon vert ofte rekna som ein overgang mellom den tidlege visemusikkperioden til Mitchell og dei meir sofistikerte, gripande albuma som kom seinare. Særleg syner songen «For Free» fram mot det stadig tilbakevendande temaet om isolasjonen som suksessen fører med seg, som ein finn på albuma For the Roses og Court and Spark. Det sparsame arrangementet med alternative stemmingar kjem godt fram på «Ladies of the Canyon».[12]

Av alle verka til Mitchell er dette albumet som ligg nærast til den langvarige venskapen og forholdet til Crosby, Stills, Nash & Young (som gjorde ein rocka versjon av «Woodstock» i 1970). Fleire av songane på albumet, mellom anna «Ladies of the Canyon» og «Woodstock», har fyldige, ordlause harmoniar som minnar om stilen til David Crosby. Crosby sjølv har spelt «For Free» i mange år. «Willy» er ein jenteaktig, forelska hymne til Graham Nash. «The Circle Game», ein av dei mest kjende songane hennar, inneheld korvokal frå alle fire. «Big Yellow Taxi» har òg vorte ein standard i løpet av åra, sampla av Janet Jackson. I 1995 spelte Annie Lennox songen «Ladies of the Canyon» og gav han ut som B-sida til singelen «No More I Love You's».

The Young and the Restless-stjerna Jess Walton sa at ho eigde eit av husa som er avbilda på plateomslaget.[13]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

I ei melding for The Village Voice i 1970, meinte Robert Christgau at Ladies of the Canyon var «langt betre enn det førre albumet med rikare tekstar og meir overtydande musikalsk.» Han sa at den andre halvdelen av albumet er «nesten perfekt, og arrangementet er intelligent heile vegen», men meinte at røysta til Mitchell var svak og ordspela hennar ukonsekvente.[14] Fleire år seinare i Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981), sa han at trass i stundom «latterlege high school-ordspel», indikerte avhengigheita Mitchell hadde til pianoet sitt «ei forflytting frå friluft til teiknebrettet ... det syner seg att i rikare, meir sofistikerte songar.»[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Joni Mitchell.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Morning Morgeltown»03:12
2.«For Free»04:31
3.«Conversation»04:21
4.«Ladies of the Canyon»03:32
5.«Willy»03:00
6.«The Arrangement»03:32
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Rainy Night House»03:22
8.«The Priest»03:39
9.«Blue Boy»02:53
10.«Big Yellow Taxi»02:16
11.«Woodstock»05:25
12.«The Circle Game»04:50

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Encyclopedia Americana. Grolier Incorporated. 1999. s. 599. ISBN 978-0-7172-0131-0. 
  2. Ellen Willis (2011). Out of the Vinyl Deeps: Ellen Willis on Rock Music. U of Minnesota Press. s. 140. ISBN 978-0-8166-7282-0. 
  3. Cleary, D. (2011). «Ladies of the Canyon – Joni Mitchell | AllMusic». allmusic.com. Henta 21. januar 2021. 
  4. 4,0 4,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: M». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 21. januar 2021 – via robertchristgau.com. 
  5. Graff, Gary; Durchholz, Daniel, red. (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 769. ISBN 1-57859-061-2. 
  6. 6,0 6,1 «Joni Mitchell Ladies of the Canyon». Acclaimed Music. Henta 21. januar 2021. 
  7. «Joni Mitchell: The Studio Albums 1968–1979 | Album Reviews». Pitchfork. 9. november 2012. Henta 22. januar 2021. 
  8. von Tersch, Gary (2011). «Joni Mitchell: Ladies Of The Canyon : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 8. april 2009. Henta 21. januar 2021. 
  9. Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. (2004). «Joni Mitchell». The New Rolling Stone Album Guide. London: Fireside. s. 547–548. ISBN 0-7432-0169-8. Henta 8. september 2009.  Portions posted at «Joni Mitchell > Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 31. juli 2011. Henta 21. januar 2021. 
  10. Billboard Chart History for Joni Mitchell retrieved 2. juni 2018.
  11. RIAA Gold and Platinum retrieved 27. juli 2020.
  12. Weller, Sheila (2008). Girls Like Us: Carole King, Joni Mitchell, Carly Simon and the Journey of a Generation, p. 293. Atria. ISBN 0-7434-9147-5.
  13. «Raising Cane». Soap Opera Weekly: 20. 27. februar 2007. 
  14. Christgau, Robert (30. juli 1970). «Consumer Guide (12)». The Village Voice (New York). Henta 22. januar 2021.