Ladningstal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ladningstal er ein storleik i elementærpartikkelfysikk som syner til verdien av elektrisk ladning og andre typar ladning. Utanom elektrisk ladning finn ein leptontal, baryontal, hyperladning, isospinn, fargeladning.

Dei fundamentale partiklane, lepton og kvarkar, ber alle slike ladningstal som er bevarte i sterke og elektromagnetiske vekselverknader i tillegg til gravitasjon. Nokre ladningstal, som isospinn og hyperladning er ikkje bevarte i svak vekselverknad.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]