Ladoga

Koordinatar: 61°00′N 31°00′E / 61.000°N 31.000°E / 61.000; 31.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ladogasjøen)
Ladoga
innsjø
Land  Russland,  Finland
Tilsig Svir, Volkhov, Vuoksi
Utløp Neva
Nedslagsfelt 276 000 km²
Høgd over havet 5 moh.
Lengd 219 km
Breidd 138 km
Areal 17 700 km²
Middeldjupn 51 m
Volum 837 km³
Koordinatar 61°00′N 31°00′E / 61.000°N 31.000°E / 61.000; 31.000
Øyar om lag 660 (inkludert Valaam)
Kart
Ladoga
60°50′34″N 31°27′35″E / 60.842777777778°N 31.459722222222°E / 60.842777777778; 31.459722222222
Wikimedia Commons: Lake Ladoga

Ladoga (russisk Лáдожское Óзеро, Ladozjskoje Ozero; finsk Laatokka) er ein innsjø i Karelia og Leningrad oblast nordvest i Russland, ikkje langt frå St. Petersburg. Han er den største innsjøen i Europa og den 14. største i verda ut frå areal.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Ladoga

Innsjøen har eit areal på 17 891 km² (utanom øyar). Han er 219 km lang frå nord til sør og har ei gjennomsnittleg breidde på 83 km. Han er i snitt 51 meter djup og på det djupaste om lag 230 m (i nordvest). Nedslagsfeltet hans er 276 000 km², volumet er på 837 km³[1] (tidlegare estimert til 908 km³). Det er om lag 660 øyar, med eit totalt areal på 435 km², i Ladoga. Han ligg om lag 5 meter over havet.[2] Dei fleste øyane, inkludert den kjende øygruppa Valaam, Kilpola og Konevets, ligg i nordvest.

Det karelske neset ligg mellom innsjøen og Austersjøen og han drenerer ut i Finskebukta via elva Neva.

Ladoga er farbar og er ein del av Volga-Austersjøkanalen som går frå Austersjøen til elva Volga. Ladogakanalen går i den sørlege delen og knyter Neva til Svir.

Nedslagsfeltet til Ladoga inneheld om lag 50 000 innsjøar og 3500 elvar lengre enn 10 km. Om lag 85 % av vatnet i innsjøen kjem frå elvane, 13 % frå nedbør og 2 % frå grunnvatnet.

Elvar[endre | endre wikiteksten]

Dei største elvane som munnar ut i Ladonga er:

Geologihistorie[endre | endre wikiteksten]

Ancylussjøen

Isbreane trekte seg tilbake etter den siste istida i Ladogabassenget mellom 12 500 og 11 500 år sidan. Ladoga var opphavleg ein del av Den baltiske issjøen, ein historisk fase av Austersjøen, som den gong var ferskvatn og låg 70-80 meter over dagens havnivå. Det er mogeleg, men ikkje sikkert, at Ladoga vart isolert frå denne innsjøen under regresjonen av det påfølgjande Yoldiahavet, som var ein fase med brakkvatn for Austersjøen for 10 200 og 9500 sidan. Skiljet gjekk i så fall ved Heinjoki aust for Viborg, der Austersjøen og Ladoga var knytt saman av eit smalt sund eller ei elv før Neva vart danna, og kanskje heilt fram til 1100-talet.[3][4]

For 9500 år sidan starta Onega, som tidlegare rann ut i Kvitsjøen, å renne ut i Ladoga via elva Svir. Mellom 9500 og 9100 år sidan under transgresjonen til Ancylussjøen, den neste ferskvassfasen til Austersjøen, vart Ladoga heilt sikkert ein del av denne innsjøen, sjølv om dei ikkje hadde vore knytt saman i tida like før. Etter kvart som Ancylus trekte seg tilbake igjen vart Ladoga isolert for om lag 8800 år sidan.

Ladoga flauma gradvis sørover på grunn av landhevinga i nord. Det er lagt fram hypotesar om, men ikkje bevist, at vatn frå Litorinahavet, den neste brakkvassfasen til Austersjøen, stundom trengde inn i Ladoga mellom 7000 og 5000 år sidan. For rundt 5000 år sidan strøymde vatnet frå Saimaa gjennom Salpausselkä og danna eit nytt utløp, Vuoksi, som rann ut i Ladoga i nordvest og heva vassnivået med 1-2 meter.[5]

Neva oppstod då vatnet i Ladoga etter kvart braut over barrieren ved Porogi og inn i dei lågare delane av Izjora, som då rann ut i Finskebukta, for mellom 4000 og 2000 år sidan. I følgje nye data skjedde det for 3410-3250 år sidan.[6]

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Valaam

Ladoga har eit rikt fiskeliv. Det er tald 48 fiskeartar i innsjøen, som mort, brasme, sandart, åbor, hork, ein endemisk variant av nors, to artar av lagasild, åtte artar sik, fleire andre laksefiskar, og stundom den utryddingstrua støren. Kommersielt fiske var ein gong ein stor industri, men vart råka av overfiske. Etter andre verdskrigen, mellom 1945 og 1954 vart det totalt fanga 4900 tonn fisk i året på det meste. Dette førte til at fiskebestanden minka og fangsten vart dårlegare. I åra 1955 til 1963 var fangsten stundom nede i 1600 tonn i året. Tråling har ikkje vore lov i Ladoga sidan 1956 og enkelte andre forbod var òg innført. Situasjonen betra seg kraftig og i perioden mellom 1971 og 1990 varierte fangsten mellom 4900 og 6900 tonn i året, om lag det same som i 1938.[7] I dag vert det utvikla oppdrettsanlegg og fritidsfiske er populært.[8]

Det finst ein eigen underart av ringsel i innsjøen, kalla ladogasel.

Sidan byrjinga av 1960-åra har Ladoga i aukande grad vorte utsett for eutrofiering.[9]

Nizjnesvirskij naturreservat ligg langs kysten av Ladoga like nord for munningen av Svir.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Konevets

I mellomalderen var Ladoga ein viktig del av handelsruta frå væringane til grekarane med ein norrøn handelsstad ved Staraja Ladoga som forsvarte munningen av Volkhov sidan 700-talet. Under den svensk-novgorodiske krigen vart området kjempa om mellom Republikken Novgorod og Sverige. Tidleg på 1300-talet vart festningane Korela (Kexholm) og Oresjek (Nöteborg) bygd langs breidd av innsjøen.

Det gamle Valaam kloster vart grunnlagd på øya Valaam, den største i Ladoga, og forlaten mellom 1611 og 1715. Det vart restaurert på 1700-talet og evakuerte til Finland under vinterkrigen i 1940. I 1989 vart klosteraktiviteten på Valaam teke opp att. Andre historiske kloster i nærleiken er Konevets kloster, på øya Konevets og Aleksander-Svirskij kloster, som har fine døme på mellomaldersk moskovittarkitektur.

Under den ingermanlandske krigen vart ein del av kysten av Ladoga okkupert av Sverige. I 1617 av nord- og vestsida av innsjøen avstått til Sverige av Russland ved Stolbovo-traktaten. I 1721, etter den store nordiske krigen, kom området tilbake til Russland etter Nystad-traktaten. I perioden frå 1812 til 1940 var innsjøen delt mellom Finland og Russland. Etter Tartu-traktaten i 1920 vart det strengt forbode med militær aktivitet i området rundt Ladoga. Men både Sovjetunionen og Finland hadde flotiljer på Ladoag. Etter vinterkrigen (1939-1940) vart området rundt Ladoga som tidlegare hadde vore ein del av Finland, avstått til Sovjetunionen med Moskva-traktaten.

Under den finske framhaldskrigen (1941-1944) opererte ikkje berre finske og sovjetiske fartøy der, men òg tyske og italienske. Under desse tilhøva og omleiringa av Leningrad (1941-1944) gav Ladoga den einaste tilkomsten til Leningrad fordi delar av austsida framleis var under sovjetisk kontroll. Forsyningar vart transport til Leningrad med lastebilar på isen om vinteren, den såkalla «Livsvegen», og med båt om sommaren. Etter den andre verdskrigen mista Finland Karelia til Sovjetunionen og alle finske borgarar vart evakuert frå dei tapte områda. Nordsida av innsjøen, Ladoga Karelia med byen Sortavala, er i dag ein del av republikken Karelia. Vestsida, Det karelske neset, vart ein del av Leningrad oblast.

Byar ved Ladoga[endre | endre wikiteksten]

Luftspegling på Ladoga

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sorokin, Aleksander I. et al. (1996). New morphometrical data of Ladoga[daud lenkje]. Hydrobiologia 322.1-3, 65-67.
  2. Калесник С.В. Ладожское озеро. Л.: Гидрометеоиздат, 1968.
  3. Ailio, Julius (1915). Die geographische Entwicklung des Ladogasees in postglazialer Zeit. Bull. Comm. Géol. Finlande 45, 1 – 159.
  4. Davydova, Natalia N. et al. (1996). Late- og postglacial history of lakes of the Karelian Isthmus Arkivert 2020-04-12 ved Wayback Machine.. Hydrobiologia 322.1-3, 199-204.
  5. Saarnisto, Matti (1970). The Late Weichselian og Flandrian history of the Saimaa complex. Societas Scientiarium Fennicae. Commentationes Physico-Mathematicae 37.
  6. Saarnisto, Matti & Tuulikki Grönlund (1996). Shoreline displacement of Ladoga - new data from Kilpolansaari[daud lenkje]. Hydrobiologia 322.1-3, 205-215.
  7. Kudersky, Leonid K. et al. (1996). Fishery of Ladoga — past, present og future[daud lenkje]. Hydrobiologia 322.1-3, 57-64.
  8. ladoga.krc.karelia.ru
  9. Holopainen, Anna-Liisa et al. (1996) The trophic state of Ladoga as indicated by late summer phytoplankton[daud lenkje]. Hydrobiologia 322.1-3, 9-16.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]