Lady Bianca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lady Bianca
Lady-Bianca-2008-Monterey.jpg
Lady Bianca i 2008 på Monterey Blues Festival. Bilete av Mike Shea/Tritone Photography
Fødd8. august 1953 (66 år)
FødestadKansas City i USA
FødenamnBianca Thornton
OpphavUSA
Aktiv1970-åra til i dag
SjangerElektrisk blues[1]
Instrumentvokal, klaverinstrument
Tilknytte artistarFrank Zappa, Van Morrison, Merle Haggard, John Lee Hooker, Willie Dixon[1]
PlateselskapTelarc, Rooster Blues, Magic-O
Verka somSongar, låtskrivar, arranger, skodespelarinne

Bianca Thornton med artistnamnet Lady Bianca (fødd 8. august 1953) er ein amerikansk elektrisk bluessongar, låtskrivar og arrangør.[1] Ho har arbeidd som studiomusikar og gjeve ut seks soloalbum, der tre av desse vart nominert til ein Grammy Award.

Lady Bianca er hovudsakleg ein bluesvokalist, men vart først kjend som songar for ei rekkje artistar som Van Morrison, Frank Zappa og Merle Haggard. Som barn vart ho påverka av gospel og studerte ved San Francisco Conservatory of Music før ho spelte rolla som Billie Holiday i ein musikal av Jon Hendrick kalla Evolution of the Blues tidleg i 1980-åra. Ho song på fleire plater av Van Morrison, som Beautiful Vision og Inarticulate Speech of the Heart, og for blueslegender som John Lee Hooker og Willie Dixon. Seint i 1980-åra slo Bianca seg saman med låtskrivaren Stanley Lippitt og dei skreiv fleire songar i lag. Dette skaffa ho merksemd hos Joe Louis Walker som gjorde at ho fell platekontrakt. Ho gav ut den første soloplata si i 1995 med Best Kept Secret. Seks år seinare følgde ho opp med Rollin.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

År Album Plateselskap
1995 Best Kept Secret Telarc Distribution
2001 Rollin' Rooster Blues
2004 All by Myself Magic-O
2005 Let Love Have Its Way Magic-O
2007 Through a Woman's Eyes Magic-O
2009 A Woman Never Forgets Magic-O

[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Jason Ankeny (8. august 1953). «Lady Bianca | Biography». AllMusic. Henta 24. august 2014. 
  2. «Lady Bianca | Diskografi». AllMusic. 8. august 1953. Henta 24. august 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]