Lady D'Arbanville

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lady D'Arbanville
Singel av Cat Stevens
frå albumet Mona Bone Jakon
B-side

Fill My Eyes

Utgjeve April 1970
Innspelt 1970
Sjanger Folkrock
Lengd 3:15
Selskap Island (UK/Europe)
A&M (US/Canada)
Tekstforfattar Cat Stevens
Låtskrivar(ar) Cat Stevens
Produsent Paul Samwell-Smith
Cat Stevens-kronologi 
«Lovely City (When Do You Laugh)»
(1968)
Lady D'Arbanville «Father and Son»
(1970)


«Lady D'Arbanville» er ein song skriven og spelt inn av Cat Stevens og gjeven ut i april 1970. Han dukka seinare opp på det tredje albumet hans, Mona Bone Jakon, gitt ut seinare same året. Det var hans første singel gitt ut etter å ha signert ein kontrakt med Island Records, med oppmuntring frå den nye produsenten hans, Paul Samwell-Smith, som fremja ei folkrock-retning. «Lady D'Arbanville» har ein madrigal-stil, og vart skriven om den tidlegare kjærasten til Stevens, Patti D'Arbanville, og i ein metafor legg henne til kvile.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Lady D'Arbanville» var den første singelen gitt ut frå Mona Bone Jakon, som tok av i ein heilt anna retning enn songane på dei to tidlegare albuma hans. Sjølv om debutalbumet til Stevens hadde gått inn på albumlista, og sjølv om begge albuma han hadde spelt inn hadde vellykka singelutgivingar på britiske poplister, gnaga han mot «Carnaby Street musikalsk klirring» og «tungrodd orkestrering» som produsenten hans, Mike Hurst (frå Deram Records) føretrekte.[1] Akkurat ved ferdigstillinga av sitt andre album med Hurst fekk Stevens tuberkulose og ei kollapsa lunge,[2] som kravde sjukehusinnlegging og kvile i eit år. I løpet av denne tida brukte han dei tomme timane til å skriva over 40 songar, og etter å ha vorte friskmeld forhandla han seg ut av Deram-kontrakten, og slo seg ned på Island Records. Paul Samwell-Smith, som hans nye plateprodusent, oppmuntra tilhugane til Stevens mot ein framveksande folkrock-sjanger.

Då Stevens nærma seg slutten av rekonvalesensperioden, deltok han på ein fest i London der ei rekkje musikarar var samla, mellom anna Jimmy Page, Steve Winwood, Ginger Baker og Eric Clapton. Blant festdeltakarane var Patti D'Arbanville, ein amerikansk tenåring som prøvde seg som modell[3][4] på den tida.[5] Ho vart seinare kjend som skodespelar. Dei to byrja å gå ut i lag over ein periode på meir enn eit år. D'Arbanville budde hos han når ho var i London, men karrieren hennar førte henne ofte til Paris og New York. Etter over eit år med henne var Stevens villig til å investera meir i eit seriøst forhold enn sin unge, ambisiøse kjærast. Det var på eit slik streif til New York at ho høyrde songen hans om henne i eteren. Reaksjonen hennar var ein tung. Ho sa: «Eg måtte berre vera åleine ei stund for å gjera det eg vil gjera. Det er godt å vera åleine nokre gonger. Steven [Stevens sitt eigentlege førenamn] skreiv den songen då eg drog til New York. Eg drog i ein månad, det var ikkje undergangen i verda, var det vel? Men han skreiv heile denne songen om 'Lady D'Arbanville, kvifor søv du så stille'. Han handlar om at eg er død. Så medan eg var i New York, var det for han som om eg låg i ei kiste ... han skreiv han fordi han sakna meg, fordi han var nede ... Det er ein trist song.»[6] D'Arbanville held fram: «Eg gret då eg høyrde songen, for då visste eg at det var over for godt.»[3]

Musikalsk stil[endre | endre wikiteksten]

Medan dei tidlegare singlane til Stevens inneheldt orkester, var dette den første singelen som berre inneheldt akustisk gitar, kontrabass, orgel, perkusjon og vokal. Nytilsette Alun Davies, opphavleg henta inn som studiogitarist, delte kjærleiken Stevens hadde til den nye folkrock-stilen som Stevens valde å forfølgja. Dei to gitaristane jobba med dei synkoperte basslinjene til John Ryan og latinrytmane til trommeslagaren Harvey Burns vart brukt for å understreka takten i songen på kroppen til gitaren. Stevens sa seinare om han at «namnet i seg sjølv var spennande», og at «det var ein av dei unike songane som skilde seg ut, til og med tekstmessig».[7] Songen hadde eit unikt arrangement og melodi. Eit korvokal-refreng i stil med Spaghetti Western-klassikarar gjorde han ekstra spanande. Songen hadde nok kommersiell appell til å nå åttandeplassen på den britiske poplista, og vart den første av songane til Stevens som fekk merkbar radiospeling i USA.[8] «Lady D'Arbanville» vart gitt ut i juni 1970 og vart den tredje topp ti-hitten hans i Storbritannia, med albumet Mona Bone Jakon, som òg byrja ei beskjeden klatring på albumlista.[9]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Song

År Liste Plassering
1970 U.K. Singles 8
1970 Canada RPM [10] 69

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Elton John spelte ein versjon av «Lady D'Arbanville» for eit coveralbum, på ei tid i karrieren då han var relativt ukjend. I delar av songen erstattar han order fille (fransk for jente som Cat Stevens uttaler som fill). Originalsongen er skriven slik:

My Lady D'Arbanville, why do you sleep so still?
I'll wake you tomorrow, and you will be my fille,
Yes, you will be my fille

Elton John-versjonen har «You will be my pill». John karriere tok av omtrent samstundes med Stevens, og coverversjonane som John song, inkludert «Lady D'Arbanville», vart verande ukjende fram til dei kom ut på samlealbumet Chartbusters Go Pop i 1994.

I 1970 vart songen spelt inn på både fransk og italiensk av den fransk-italienske songaren Dalida og gjeven ut på singlar i Frankrike og Italia. Den italienske songaren Gigliola Cinquetti spelte òg inn songen på italiensk same året.

Det engelske bandet And Also the Trees framførte songen i 1989 på albumet deira Farewell to the Shade.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Islam, Yusuf (2008). «Lifeline1966». Official Yusuf Islam/Cat Stevens Website. Official Website. Henta 10. april 2023. 
  2. O'Driscoll, Michelle (29. juli 1972). «Tea With The Tillerman». Disc Magazine. Henta 10. april 2023. 
  3. 3,0 3,1 Des Barres, Pamela (2007). «4». Let's Spend the Night Together: Backstage Secrets of Rock Muses and Supergroupies (1. utg.). Chicago Review Press. s. 400. ISBN 978-1-55652-668-8. (krev registrering (help)). 
  4. «Pamela Des Barres & Friends». Punkcast #1117. Soho McNally Robinson. Henta 10. april 2023. 
  5. Etter eiga utsegn var D'Arbanville omtrent 14 år gammal på den tida, sjølv om ho, etter å ha vorte fødd 25. mai 1951, ville ha vore 16 eller 17 i 1968.
  6. D'Arbanville, Patti; Warhol, Andy (1970). «Patti D'Arbanville i Andy Warhols intervju». Interview. Warholstars. Henta 10. april 2023. 
  7. DeYoung, Bill (2005). «Cat Stevens Box Set Liner Notes». Liner notes for songs for the Cat Stevens Box Set. Arkivert frå originalen 6. februar 2003. Henta 9. april 2023. 
  8. Islam, Yusuf (2008). «Lifeline1970». Official Yusuf Islam/Cat Stevens Website. Official Website. Henta 10. april 2023. 
  9. Ruhlmann, William (2007). «Artistbiografi - Cat Stevens». Billboard.com. All Media Guide. Henta 10. april 2023. 
  10. «RPM Top 100 Singles - 3. oktober 1970» (PDF).