Lady Franklinfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lady Franklinfjorden er ein fjord på nordvestsida av NordaustlandetSvalbard. Han strekkjer seg om lag 30 km sørover til munningen av Franklinbreane, som går i hop her.

Fjorden har innløp mellom Purchaneset på Lågøya i vest og Kapp Hansteen i aust. Fjorden ligg mellom Lågøya i vest og Botniahalvøya i aust. Mellom Nordaustlandet og Lågøya ligg Franklinsundet. Aust for Botniahalvøya ligg Brennevinsfjorden.